Kunngjering av tilskot til kommunalt rusarbeid

Søknadsfrist:
10. februar 2021
Målgruppe:
Menneske med rusmiddelrelaterte problem i kommunane
Ansvarleg:
Helse og sosialavdelinga
Kven kan søke:
Kommunane i Møre og Romsdal
Rapporteringsfrist:
10. februar 2021

Mål for ordninga er auka kapasitet og varig kapasitetvekst i kommunen sitt tenestetilbod, slik at menneske med rusmiddelrelaterte problem får eit heilskapleg, tilgjengeleg og individuelt tilpassa tenestetilbod.

Publisert 24.11.2020

Ordninga skal understøtte måla i Prop. 15S (2015-2016) Opptrappingsplan for rusfeltet (2016-2020) med vekt på styrka innsats ut frå lokale mål på områda:

  • auka brukar-og pårørandemedverknad i tenestene
  • tidleg innsats retta mot utsette individ og grupper
  • tverrfagleg, ambulant, teambasert behandling og oppfølging
  • tenester knytt til bustad 
  • tiltak retta mot inkludering i arbeid, aktivitet og utdanning
  • lågterskeltilbod

Kommunar kan velje å inngå interkommunalt samarbeid med privat, frivillig og/eller ideel sektor, men kommunen skal vere både søkar og mottakar og har rapporteringsplikt for tilskotet.

Tilskotet skal bidra til varig kapasitetsvekst i tenestene og er ikkje retta mot tidsavgrensa prosjekt. det ligg i regelverket at eigenfinansieringa skal aukast i takt med at midlane vert avkorta.

Kommunen må sørge for ei gradvis innarbeiding av stillinga(ne) i kommunen si økonomiplan, slik at auka kapasitet i tenestene bli av varig karakter. Det ventas at kommunane nytter auka rammeoverføringar til å styrke tenestetilbodet til målgruppa.

Vi ber om at kommunar som har fleire søknadar til denne tilskotsordninga sender ein samla søknad og viser til ein felles kontaktperson.

I høgremenyen finn du økonomirapport for tilskot mottatt i 2020 som skal følge søknad for 2021.

 

Elektronisk søknadsskjema ligg på Helsediektoratet sine heimsider. Følge lenke i høgremenyen. Der ligg også fullstendig utlysningstekst og regelverk for ordninga.

Søknadsfrist:
10. februar 2021
Målgruppe:
Menneske med rusmiddelrelaterte problem i kommunane
Ansvarleg:
Helse og sosialavdelinga
Kven kan søke:
Kommunane i Møre og Romsdal
Rapporteringsfrist:
10. februar 2021