Tilskot til psykologar i kommunane 2019

Søknadsfrist:
10. februar 2019
Målgruppe:
Kommunar
Ansvarleg:
Helse og sosialavdelinga
Kven kan søke:
Kommunane
Rapporteringsfrist:
1. februar 2020

Psykologkompetanse skal frå 2020 vere tilgjengeleg over heile landet etter ei endring i helse og omsorgstenestelova. Tilskotsordninga er eit sentralt verkemiddel for å auke rekrutteringa, og bidra til at flest mogleg av kommunane oppfyller kravet innan neste år.

Publisert 12.12.2017

Målet med rekruttering av fleire psykologar er at det skal styrke kvalitet og kompetanse i det tverrprofesjonelle arbeidet innan psykisk helse og rus, vald- og traumefeltet.

Det er kommunane ved helse- og omsorgstenesta som kan søkje om tilskot, og tilskotet skal bidra til å dekkje delar av kommunen sine lønsutgifter til psykologstillingar.

Ved tildeling vil dei kommunane som tidlegare ikkje har motteke tilskot bli høgst prioritert.

Også kommunar som søkjer om å nytte psykologen i rusarbeid og/eller inn mot gruppa eldre 65 år+ har høg prioritet.

Kommunen skal nytte elektroniske søknads- og rapporteringsløysning som du finn i høgremenyen.  Der finn du regelverk for ordninga, og korleis du skal søkje og rapportere på tilskotet. Dei som fekk tilskot i 2018 må bruke elektronisk rapporteringsskjema som ligg der

 

Søknadsfrist: 10. februar 2019

Søknadsfrist:
10. februar 2019
Målgruppe:
Kommunar
Ansvarleg:
Helse og sosialavdelinga
Kven kan søke:
Kommunane
Rapporteringsfrist:
1. februar 2020