Vi treng fleire verjer!

Statsforvaltaren treng fleire samfunnsengasjerte personar som kan stille som faste verje i enkelte av våre kommunar.

Behov

Det er per no god dekning på verjer i dei fleste områder, men vi ser eit behov for fleire verjer i følgende kommunar:

  • Aure
  • Smøla
  • Rauma
  • Vanylven. 

Kva vil det seie å vere verje

Å vere verje er å gje personar med hjelpebehov den hjelp dei måtte trenge innanfor områder av personleg og/eller økonomisk art.

Informasjon

Meir informasjon om det å vere verje finn du på startsida til verjemål, eller på verjemålsportalen - www.vergemal.no.

Eg kan tenke meg å bli verje 

Registrer deg i søknadskjemaet, og skriv utfyllande om deg sjølv. Kven er du? Kva har du arbeidt med tidlegare? Kva er motivasjonen din for å bli verje?

Legg også med kopi av CV. Vi vil ta kontakt med deg for ein prat om verjemål og verja si rolle.