Barneperspektivet i tverrfagleg samhandling

Dato:
4. desember 09:00 - 5. desember 15:00
Stad:
Hotel Alexandra, Loen
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Målgruppe:
Alle som jobbar med barn og unge. Tilsette i opplæringssentra, skule, barnehage, barnevern, NAV, PPT, BUP. Folkehelsekoordinatorar, helsestasjonen, skulehelsetenesta, frivillligheitkoordinator, bibliotektenesta og kommunalsjefar
Påmeldingsfrist:
12.11.2018 23:00:00

Tverrfagleg samhandling til beste for barn er ei satsing som inngår i Fylkesmannen sitt arbeid med å implementere barnekonvensjonen internt og ute i kommunane. Gjennom 0-24-satsinga jobbar vi med å styrke tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid om utsette barn og unge mellom 0 og 24 år, og deira familiar, i kommunane og fylkeskommunane. 

Konferansen vil ha fokus på barneperspektivet gjennom samtalar med barn og opplysningsrett og opplysningsplikt i tverrfagleg samarbeid.

Målet er å styrke lokalt og regionalt samarbeid og samordning av arbeidet til barnets beste. 

For å sikre at barneperspektivet blir ivaretatt i planlegging og kvalitetssikring av tenestene ønskjer Fylkesmannen å styrke sakshandsaming gjennom å auke kompetansen om teieplikta og korleis samtale med barn.

Elisabeth Gording Stang skal holde innlegg om opplysningsrett og opplysningsplikt i tverrfagleg samarabeid - kva tid ein kan eller det skal vere unntak frå teieplikta. Inge Nordhaug vil gi oss verkemiddel for gode samtalar med barn.

Tverrfagleg dialog til barnas beste

Vi legg opp til tverrfagleg gruppearbeid og dialog om temaet "opplysningsrett og opplysningsplikt i tverrfagleg samarbeid". For å få god refleksjon rundt temaet ønsker vi at du har tenkt gjennom ei problemstilling/utfordring frå din kvardag til diskusjon i gruppearbeidet og som evt. kan bli tatt opp med føredragshaldar i plenum.

 

Minner om at påmelding er bindande, avmelding vil bli fakturert med kr. 500,-

 

Dato:
4. desember 09:00 - 5. desember 15:00
Stad:
Hotel Alexandra, Loen
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Målgruppe:
Alle som jobbar med barn og unge. Tilsette i opplæringssentra, skule, barnehage, barnevern, NAV, PPT, BUP. Folkehelsekoordinatorar, helsestasjonen, skulehelsetenesta, frivillligheitkoordinator, bibliotektenesta og kommunalsjefar
Påmeldingsfrist:
12.11.2018 23:00:00