Søknad om utsleppsløyve for Tynjadalen kraftverk og Fosseteigen kraftverk

Høyringsfrist:
25. november 2019 23:59

Sognekraft AS og Okken Kraft AS søkjer om løyve til utslepp av anleggsvatn i samband med bygging av Tynjadalen kraftverk og Fosseteigen kraftverk i Lærdal kommune.

Publisert 24.10.2019

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gitt konsesjon etter vassressurslova.

Begge kraftverka har inntak og utløp i Kuvelda som renn ned Tynjadalen og ut i Lærdalselvi ca. 8 km oppstraums Lærdalsøyri.

Oversiktskart som viser plassering av Tynjadalen og Fosseteigen kraftverk

Tynjadalen kraftverk

Tynjadalen kraftverk vil utnytte eit fall på om lag 360 meter. Vassvegen er 2200 meter, og vil delvis vere bora sjakt, sprengt tunnel og rørgate som er grave ned. Kraftverket vil ha inntak og utløp i elva Kuvelda i Tynjadalen.

Utslepp frå anlegget vil i hovudsak vere frå boring av sjakt, frå sprenging, frå riggområdet og frå avrenning massedeponi. Utsleppet er mellombels, og vil bli reinsa før utslepp til Kuvelda.

Fosseteigen kraftverk

Fosseteigen kraftverk vil utnytte eit fall på 142 meter. Vassvegen vil bli 1750 meter, og vil vere rørgate som er grave ned. Rørgata vil krysse Kuvelda i betongkulvert. Toppen på kulverten vil vere om lag på nivå med elvebotn, og ha stein støypt inn på toppen.

Utslepp frå anlegget vil i hovudsak vere avrenning av partiklar i samband med graving.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida

Høyringsfrist er 25. november 2019

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmvlpost@fylkesmannen.no, eller til Fylkesmannen i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2019/17449. Frist for å gje fråsegn er 25. november 2019.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under fullt namn. Fråsegn som ikkje er seriøse vert ikkje vurdert.

 

Uttale

Høyringsfrist:
25. november 2019 23:59