Søknad om endring av løyve i Simadalen


Høyringsfrist 13. desember 2019 23:59

Lindum AS søkjer om endring av løyve etter forureiningslova til drift av komposteringsanlegg i Simadalen i Eidfjord kommune. Frist for uttale er 13. desember 2019.

Kart over Simadalen næringspark

Kart over Simadalen næringspark

Om gjeldande løyve

Lindum AS har gjeldande løyve til mottak og kompostering av inntil 10 000 tonn slam og våtorganisk avfall per år på anlegget sitt i Simadalen. Gjeldande løyve finn de på www.norskeutslipp.no.

Om søknaden

Lindum AS søkjer om å utvide ramma for mottak og kompostering frå 10 000 til 15 000 tonn per år. I tillegg er det søkt om mottak, behandling og lagring av andre avfallstypar slik at totalramma for mottak av avfall blir 20 000 tonn per år. Det er søkt om å lagre maksimalt 10 000 tonn avfall på anlegget.

I søknaden er følgjande hovudendringar omtalt:

  • Justering av omtalt driftsmetode frå reaktorkompostering til generelle komposteringsmetodar
  • Utviding av typar avfall til kompostering
  • Løyve til mottak, kverning og utskiping av returtrevirke
  • Sortering og knusing av jord- og steinmassar
  • Knusing og sortering av betong, og uttak av jern
  • Mellomlagring av forureina massar under tak
  • Mellomlagring og knusing av asfalt
  • Forskings- og utviklingsverksemd for behandling av uorganisk industriavfall og biologiske fraksjonar

Sjå fullstendig søknad med vedlegg til høgre på sida.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfristen er 13. desember 2019.

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmvlpost@fylkesmannen.no, Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2019/675. Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.

 

Uttale

Kontaktpersonar