Ny søknad om løyve for utslepp av avløpsvatn i Askøy kommune

Høyringsfrist:
30. september 2020 23:59

Askøy kommune søkjer om nytt løyve etter forureiningslova for utslepp av avløpsvatn i Søre Askøy tettbebyggelse. 

Publisert 31.08.2020

Bakgrunn

På bakgrunn av endringar i avløpsstrukturen i Søre Askøy tettbebyggelse, søkjer Askøy kommune om nytt utsleppsløyve for etablering av reinseanlegg og utslepp for avløpsområdet. Søknaden er basert på gjeldande utsleppsløyve og er supplert med opplysningar om å bygge fire nye reinseanlegg i dagen istadenfor eitt hovudreinseanlegg i fjell.

Det generelle kravet til reinsing av avløpsvatn, for utslepp i mindre følsamt område, er sekundærreinsing. Askøy kommune har fått unntak frå sekundærreinsekravet, ettersom resipientundersøkingar viste at utsleppa i tettstaden ikkje påverkar resipientane i negativ retning. Avløpsanlegget SAHARA var planlagt for å reinse avløpsvatnet i tettstaden. SAHARA er ikkje bygd, og kommunen har søkt om å etablere sekundærreinsing i fire nye reinseanlegg. Den totale tilknytninga til sekundærreinseanlegga vil vere tilsvarande utslepp frå 48 000 personekvivalentar (pe).

Samandrag av søknaden

Alt utslepp av avløpsvatn større enn 50 pe i Søre Askøy tettbebyggelse, skal overførast til fire avløpsreinseanlegg. Søknaden er basert på gjeldande utsleppsløyve, supplert med opplysningar om endringar i avløpsstrukturen.

Kommunen har valt å søkje om sekundærreinsing, som gjer det mogleg å få innvilga litt lengre fristar for å oppfylle reinsekravet. Sekundærreinsing vil gjelde for alle avløpsanlegg større enn 50 pe i det tettbygde området.

Dagens løyve har krav om overvaking av resipienttilstanden med intervall på fire år. Rådgivende Biologer AS har på bakgrunn av tidlegare gjennomførte resipientgranskingar, mellom anna miljøovervakingsprogrammet «Resipientovervåking av fjordsystemene rundt Bergen», har tatt ei vurdering av utsleppa sin påverknad i resipientane.

I samband med etablering av nye reinseanlegg har Askøy kommune utarbeidd ein saneringsplan for utfasing av eksisterande anlegg og overføring til dei nye reinseanlegga etter kvart som desse blir etablerte.

Utbygging av delar av leidningsanlegga må koordinerast og samordnast med pågåande vegutbygging i området. Arbeidet skal utførast i regi av Vestland fylkeskommune, og er omtalt som «Askøypakken». Bygging av nye vegtraséar passer godt inn i Askøy kommune sine behov for utbygging av nye leidningsanlegg for vatn og avløp. Utbygging av leidningsnett og pumpestasjonar avhenger av framdrifta til vegutbygginga.

Det skal byggast totalt omlag 36 km med leidningsanlegg og 50 pumpestasjonar. Delar av transportnettet er allereie etablert, noko er under bygging og resten under planlegging.

Bygging av Horsøy og Skarholmen reinseanlegg vil i 2024 føre til at halvparten av innbyggarane i det tettbygde området Søre Askøy vil vere tilknytta sekundærreinseanlegg. Dette er vurdert på bakgrunn av ein forventa årleg befolkningsvekst på 2 prosent per år. Dei to anlegga vil til saman ha ein reinsekapasitet på 35 000 pe. I 2028 vil det vere rundt 1050 pe som ikkje er tilknytta dei nye reinseanlegga. Dette utgjer omlag 4 % av utsleppa idag. I 2030 vil tilknytningsgraden vere tilnærma 100 % for utslepp over 50 pe.

Søknaden vert lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med forurensingsforskrifta § 36-8. 

Kartet viser resipientområder for dei nye reinseanlegga. Nye utslepp er markert med blå trekantar. Oransje sirklar markerer overvakingsstasjonar frå "Resipientovervåkingen av fjordsystemet rundt Bergen". (Klikk på biletet for større versjon)

Offentlig ettersyn

Sjå heile søknaden på høyre side. Høyringsfrist er 30. september 2020.

Merknadar til søknaden kan du legge inn i skjemaet under eller sende til fmvlpost@fylkesmannen.no. Merk ein eventuell e-post med referansenummer 2019/7942.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt navn. Useriøse uttalar vert ikkje vurderte.

 

Uttale