Leve heile livet-konferanse i Førde

Dato:
28. november 2019 09:00 - 15:30
Stad:
Scandic Sunnfjord hotel & spa, Førde
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland og regionalt støtteapparat for Leve heile livet-reforma
Målgruppe:
Frivillige organisasjonar, næringsliv, ansvarlege for planarbeid, ordførarar, rådmenn og leiarar på alle nivå i kommune- og spesialisthelsetenesta, leiarar i kommunar og fylkeskommunar, brukarorganisasjonar, pårøranderepresentantar, politikarar, tilsette i kommunale helse- og omsorgstenester, representantar frå helseføretak, universitet og høgskular, vidaregåande skular og andre interesserte.

Presentasjonar frå konferansen er no lagt ut på nettsida. 

Publisert 03.09.2019

Fylkesmannen i Vestland og regionalt støtteapparat for Leve heile livet-reforma inviterer til konferanse. 

Tema for konferansen er planlegging av aldersvenlege lokalsamfunn, og samarbeid og samskaping mellom frivillig arbeid, næringsliv og kommunar. 

Fullstendig program finn de under «Dokument».

Målet med konferansen er

  • å vere ein møteplass for ulike aktørar som ønskjer å bidra i arbeidet med gjennomføring av kvalitetsreforma Leve hele livet
  • å skape engasjement og begeistring for reformarbeidet
  • å vere ein stad for informasjonsutveksling og erfaringsdeling

Det koster ikkje noko å delta på konferansen, og Fylkesmannen dekker dagpakke for dei som deltek. Eventuelle utgifter til overnatting må deltakarar dekke sjølve. 

Påmelding til konferansen er bindande, og påmeldingsfristen er 15. november. 