Tilsyn med Gaular kommune – spesialundervisning i grunnskuleopplæringa

Dato:
29. oktober 2019 - 15. desember 2019
Stad:
Gaular
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/Hanne Melander
Målgruppe:
Kommunen

Fylkesmannen i Vestland skal føre tilsyn med Gaular kommune med tema gjere vedtak om spesialundervisning i grunnskuleopplæringa.

Publisert 01.07.2019

Temaet er eitt av fleire tema som Utdanningsdirektoratet har vald ut for felles nasjonale tilsyn på opplæringsområdet i perioden 2018-2021.


Tilsynet går ut på å kontrollere om Gaular kommune følgjer regelverket i opplæringslova med forskrift. For å kontrollere dette undersøker vi kommunens praksis ved grunnskulane i kommunen, dvs. gjere vedtak om spesialundervisning.

Under dette temaet vert desse punkta kontrollerte:


• Plikta til å gjere enkeltvedtak om spesialundervisning
• Saka skal vere tilstrekkeleg opplyst
• Enkeltvedtaket skal innehalde opplysningar om spesialundervisninga
• Enkeltvedtaket skal informere om klagereglar og innsynsrett

Dato:
29. oktober 2019 - 15. desember 2019
Stad:
Gaular
Ansvarleg:
Fylkesmannen v/Hanne Melander
Målgruppe:
Kommunen

Dokument