Heimebaserte tenester til feriebesøkande

Når koronamsitten er under kontroll skal kommunane sørge for at alle som oppheld seg i kommunen får tilbod om naudsynte tenester på eit forsvarleg nivå.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.05.2020

I fasar med kontroll på koronasmitten skal kommunane oppretthalde normal drift av tenesta. Kommunen skal etter helse- og omsorgstenestelova § 3-1 sørge for at alle som oppheld seg i kommunen får tilbod om naudsynte helse- og omsorgstenester på eit forsvarleg nivå. Også personar som har mellombels opphald/ferieopphald i kommunen omfattast av opphaldkommunen sitt ansvar. Det vil si at kommunane i utgangspunktet må planleggje for og sørge for sine feriebesøkande på vanleg måte.

Kva for tenester kommunen er plikta til å yte til personar som opphald seg mellombels i kommunen vil avhenge av kva som sjåast som forsvarleg ut ifrå lengda på opphaldet. Ein kommune der pasienten/brukaren oppheld seg mellombels er ikkje utan vidare forplikta til å yte tenester i same omfang som heimkommunen vil kunne ha plikt til.

Helsedirektoratet sitt notat av 25.03.2020 om prioritering av helsehjelp i Noreg under covid-19 pandemien greie ut for verdigrunnlaget for prioriteringar og faglege råd i situasjonar der behovet overstig den ordinære kapasiteten. Omgrepa «naudsynt» og «forsvarleg» er rettslege standardar, som vil kunne endre seg i dei ulike fasane av pandemien, basert på tilgang på ressursar, utstyr, personell, kompetanse og andre rammeføresetnader. Dette gjer at helse- og omsorgstenestene sine plikter, og pasientane/brukarane sine rettighetar, vil måtte justerast i periodar med mykje smitte.

Ved ei auking av koronatilfelle kan kommunane vere nøydd til å innrette sitt tenestetilbod og prioritere søknadar. Det må da sjåast hen til Helsedirektoratet sine anbefalingar og prioriteringskriteriene om nytte, bruk av ressursar, og kor alvorleg det er.

Generelt må altså kommunane gjere individuelle vurderingar av dei enkelte søknadane dei mottek, og ut frå gjeldande lovverk fatte vedtak om tenester som dei pliktar å yte. I situasjonar med mykje smitte vil det kunne måtte gjerast hardare prioriteringar, men framleis gjort som individuelle vurderingar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.