OCC ei viktig brikke i den regionale korona-beredskapen

I eit verstefall scenario med smitteutbrot som overstig det enkeltkommunar kan handtere sjølv, ynskjer Fylkesmannen å bruke Oslofjord Convention Center (OCC) som eining for pleietrengande og for tilbod om karantene.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.06.2020

Fylkesmannen har i fleire år hatt ein avtale med Oslofjord Convention Center for å handtere større mengder evakuerte og pårørande ved ulykker og andre hendingar, som eit såkalla EPS-senter. Avtalen vart inngått i 2014 og gjev regionen ein kapasitet til å huse fleire tusen evakuerte på kort tid.

Ei typisk hending kan vere dersom eit cruiseskip med 5 til 6 000 passasjerar må søkje nødhamn i Vestfold eller Telemark. Oslofjord vart óg nytta til å innlosjere 1000 flyktningar i 2015. 

No har Fylkesmannen, OCC og Sandefjord kommune som vertskommune inngått ein intensjonsavtale på grunnlag av den opphavelege avtalen med OCC.  Avtalen er tufta på eit tett samarbeid med friviljuge organisasjonar og andre statlege verksemder slik som Sivilforsvaret.

Intensjonsavtalen er ein del av planane Fylkesmannen har for å kunne møta ei monaleg vekst i smitte- og sjukdomsutbrot. Planane førebur handtering av eit sjukdomsomfang som går utover det kvar einskild kommune, og sjukehusa kvar for seg, kan klare å handtere innafor ramma av eigne tenester og institusjonar, med tilhøyrande beredskapsplanverk. Arbeidet rommar moglege fellesløysingar mellom kommunar og intermediære einingar, mellom sjukehus og kommunar.  

Fylkesmannen er særs nøgd med at både Sandefjord kommune og Oslofjord Convention Center tek samfunnsansvaret på alvor, meiner fylkesmann Per Arne Olsen.

- Beredskap handlar gjerna om at me kan nytte samfunnet sine samla ressursar om det vert naudsynt, framheld Olsen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.