NVE har utarbeidd aktsemdkart for flaum

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har utarbeidd nytt aktsemdkart for flaum i Vestfold og Telemark. Det nye kartet er basert på meir detaljerte grunnlagsdata for vatn og terreng som git eit betre grunnlag for arealplanlegging på flaumutsette areal.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.10.2020

Akstemskartet for flaum er eit landsdekkande kart som viser område som kan vera utsett for flaumfare. I desse områda må den reelle flaumfaren greiast ut nærare, dersom det er aktuelt med nye byggetiltalk.

Det nye aktsemdkartet for flaum er basert på meir detaljerte kart over vatn (FKB-vatn) og terreng (nasjonal digital høgdemodell). Dette gir ei oversikt over kva område som kan vere utsette for flaum, og er best eigna for planlegging på kommuneplannivå. Det er eigna som eit tidleg vurderingsgrunnlag i overordna konsekvensutgreiinger eller risiko- og sårbarheitsanalyser. Det er ikkje eigna til planlegging på reguleringsplannivå. Likevel er kartet med bruksbeskrivelse godt nok til å vurdere kor det er potensiell flaumfare, der det må vurderast nærmare dersom ein vurderer byggetiltak.

Det er viktig å merke seg at dette kartet ikkje tar omsyn til urbanflaum /overvassflaum, til bruer og kulverter, eller til stormflo og oppstuving ifrå sjø. 

Aktsemdområde flaum skal brukast ved fastsetting av omsynssoner for flaum på kommuneplannivå. Vi oppfordrar difor kommunane til å bytte ut det gamle aktsemdkartet i kommuneplan med dette.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.