Skulen si plikt til å følgje med i skulemiljøsaker

Alle som arbeider på skulen har ei plikt til å følgje med på om elevane har eit trygt og godt skulemiljø.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.05.2019

Kva inneber plikta til å følgje med?

Når Fylkesmannen skal vurdere om skulen har oppfylt aktivitetsplikta, ser vi mellom anna på om skulen har følgt med, slik det går fram av opplæringslova § 9 A-4, første ledd. Dei tilsette på skulen har ei plikt til å aktivt følgje med på korleis elevane har det. At tilsette på skulen aktivt og årvakent følgjer med er naudsynt for å sikre at dei får kjennskap til elevar som ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Når plikta til å følgje med er lovfesta, skal det sikre at tilsette og skulen ikkje kan fråskrive seg ansvaret i ei sak ved å vise til at dei ikkje visste kva som gjekk føre seg, eller ikkje hadde mistanke om at ein elev ikkje hadde eit trygt og godt skulemiljø. Plikta til å følgje med inneber òg at skulen skal drive eit systematisk arbeid for å førebygge og avdekke krenkingar og dårleg skulemiljø. For å kunne gjere dette må skulen ha innarbeidde rutinar for korleis dei følgjer med på elevane.

Korleis skal skulen følgje med?

«Følgje med»-plikta inneber at kvar enkelt tilsett aktivt og årvakent må observere korleis elevane agerer kvar for seg, og seg imellom. Skulen bør gjennomføre hyppige elevsamtalar og trivselsundersøkingar for å følgje med på korleis elevane opplever skulemiljøet. Skulen må òg ha ei god inspeksjonsordning som dekker dei skjulte områda og «blinde flekkane» både inne og ute på skulen sitt område. Ei god inspeksjonsordning inneheld òg rutinar for korleis ein gjennomfører inspeksjonen, og korleis ein skal dokumentere eventuelle observasjonar. Skulen bør kartlegge trongen for tilsyn i garderobar og overgangssituasjonar, og følgje ekstra godt med på særskilt sårbare elevar. «Følgje med»-plikta må tilpassast dei konkrete omstenda rundt elevane og ved skulen.

Dokumentere

I fleire saker ser vi at skulen ikkje dokumenterer tilstrekkeleg korleis dei har følgt med. Til dømes er det ikkje gjort greie for kva skulen sjølv har oppdaga og avdekka gjennom sine inspeksjonar, observasjonar, trivselsundersøkingar, utviklingssamtalar og elevsamtalar. Skulen må vise korleis dei har følgt med i den konkrete saka i tillegg til det generelt forebyggande arbeidet. Slik dokumentasjon er viktig for at skulen skal kunne utvikle og betre sine rutinar for å følgje med og for å vise heimen kva som er gjort.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.