Ofte stilte spørsmål om separasjon og skilsmisse

Her finn du svar på spørsmål som Statsforvaltaren ofte får om separasjon og skilsmisse. Klikk på spørsmålet for å kome til svaret.

Du finn svar på spørsmål om saksgangen i separasjons- og skilsmissesaker i denne artikkelen

 

  1. Kva er krava for å få separasjon?
  2. Kva er krava for å få skilsmisse etter ein separasjon?
  3. Kan vi få skilsmisse utan å søkje om separasjon fyrst?
  4. Kan vi bu i same hus under separasjonstida dersom vi bur i kvar vår etasje?
  5. Kor lenge kan vi bu saman etter at vi har motteke løyve om separasjon?
  6. Kva skjer dersom vi har budd for lenge saman i separasjonstida?
  7. Er det tilstrekkeleg at vi har budd frå kvarandre eitt samanhengande år når vi søkjer om skilsmisse, sjølv om vi ikkje flytta frå kvarandre innan rimeleg tid?
  8. Får vi automatisk skilsmisse etter eitt års separasjon?
  9. Skal vi melde frå dersom vi flyttar saman att i separasjonstida?
  10. Kan eg signere elektronisk dersom eg er einig i separasjon- eller skilsmissesøknaden som min ektefelle har sendt inn?
  11. Kven kan vere vitne på vitneerklæringa og i søknadsskjemaet for separasjon og skilsmisse?
  12. Må vi gjere opp det økonomiske før vi søkjer om separasjon eller skilsmisse?
  13. Får eg kopi av breva som sendast til min ektefelle?
  14. Kven melder frå til Folkeregisteret om endring av sivilstand?
  15. Eg er utanlandsk statsborgar. Kan eg søkje om separasjon eller skilsmisse i Noreg?
  16. Eg er norsk statsborgar busett i utlandet. Kan eg søkje om separasjon og skilsmisse i Noreg?

 

Kva er krava for å få separasjon?

Etter ekteskapslova § 20 kan ein ektefelle som ikkje vil fortsetje samlivet krevje separasjon. Har ektefellane felles born under 16 år må det leggjast ved gyldig meklingsattest som ikkje er eldre enn seks månader når søknaden sendast inn. Mekling kan gjennomførast på familievernkontor eller hjå annan godkjent meklar. For ekteskap inngått i utlandet, må vigselattest leggjast ved.

Kva er krava for å få skilsmisse etter ein separasjon?

Ekteskapslova § 21 fastset at det kan søkjast om skilsmisse tidlegast eitt år etter at separasjonsløyvet vart gitt. Det blir kravd at ektefellane har budd frå kvarandre i separasjonstida og ikkje teke opp att samlivet. Samliv i ei overgangstid eller kortvarige forsøk på å ta opp att samlivet kan aksepterast. For å vurdere dette, ber Statsforvaltaren om ei vitneerklæring som viser datoen ektefellane flytta frå kvarandre.

Kan vi få skilsmisse utan å søkje om separasjon fyrst?

Etter ekteskapslova § 22 kan de krevje skilsmisse dersom samlivet har vore brote i minst to år. De må leggje ved gyldig meklingsattest for felles born under 16 år og vigselattest dersom ekteskapet er inngått i utlandet. Det må også leggje ved vitneerklæring som syner datoen de flytta frå kvarandre.

For at Statsforvaltaren skal kunne handsame søknaden må de i tillegg vere samde om å ha budd frå kvarandre i minst to år. Dersom de ikkje er samde, vert søknaden avvist. I eit slikt tilfelle må de anten søkje om separasjon først, eller krevje saka handsama i domstolen.

Kan vi bu i same hus under separasjonstida dersom vi bur i kvar vår etasje?

Nei. Det er ikkje tilstrekkeleg at de bur på eigne soverom i kvar dykkar etasje. Det krevjast to åtskilte bueiningar, til dømes dersom de bur i kvar si leilegheit i same hus.

Kor lenge kan vi bu saman etter at vi har motteke løyve om separasjon?

I praksis har det vore akseptert ei overgangsperiode på 8-9 veker frå separasjonsløyvet vart gjeve, men Statsforvaltaren gjer ei konkret vurdering i kvar einskild sak. I vurderinga ser vi på om de har budd så åtskilt som mogeleg i avviklingsperioda, om de har hatt åtskilt økonomi, omsynet til felles born og eventuelle andre omsyn.

Kva skjer dersom vi har budd for lenge saman i separasjonstida?

Skilsmissesøknaden blir avslått og de får tilbake sivilstatus som gift. De må då søkje om separasjon på nytt eller søkje direkte om skilsmisse dersom de har budd frå kvarandre minst to år på søknadstidspunktet. 

Er det tilstrekkeleg at vi har budd frå kvarandre eitt samanhengande år når vi søkjer om skilsmisse, sjølv om vi ikkje flytta frå kvarandre innan rimeleg tid?

Nei. De må flytte frå kvarandre innan rimeleg tid etter at separasjonsløyvet vart gitt og bu frå kvarandre minst eitt år frå dette tidspunktet. Til dømes vert det ikkje akseptert at de flyttar frå kvarandre to år etter at løyvet vart gitt, bur frå kvarandre eitt år, og deretter søkjer skilsmisse.

Får vi automatisk skilsmisse etter eitt års separasjon?

Nei. De må sjølve søkje om skilsmisse tidlegast eitt år etter separasjonsløyvet vart gitt.

Skal vi melde frå dersom vi flyttar saman att i separasjonstida?

Ja, ei slik melding skal sendast til Folkeregisteret.

Kan eg signere elektronisk dersom eg er einig i separasjon- eller skilsmissesøknaden som min ektefelle har sendt inn?

Ja. I staden for å signere brevet du mottar frå oss, kan du sende inn ein eigen søknad i vår elektroniske løysing. Du treng ikkje å sende inn nye vitneunderskrifter. I staden kan du skanne eller ta bilete av sida «Bekreftelse på at vedlegg er mottatt» som du finn i brevet frå oss og leggje ved søknaden. For å få lasta opp vedlegget, må du velje alternativet om at vitneerklæringa skal sendast inn på papir. Nærare rettleiing finn du i brevet frå oss.

Kven kan vere vitne på vitneerklæringa og i søknadsskjemaet for separasjon og skilsmisse?

Alle over 18 år kan vere vitne, også slektningar. I vitneerklæringa må vitna kjenne til at ektefellane har budd frå kvarandre. I søknadsskjemaet må vitna kunne stadfeste at det er ektefellane som har signert søknaden.

Må vi gjere opp det økonomiske før vi søkjer om separasjon eller skilsmisse?

Nei. Det er ikkje naudsynt at de er einige om det økonomiske oppgjeret før de søkjer.

Får eg kopi av breva som sendast til min ektefelle?

Ja. Du får kopi av brevet for å verte orientert. Du treng ikkje å gjere noko dersom du står som kopimottakar. 

Kven melder frå til Folkeregisteret om endring av sivilstand?

Statsforvaltaren melder frå til Folkeregisteret når separasjon- eller skilsmisseløyve vert utsendt.

Eg er utanlandsk statsborgar. Kan eg søkje om separasjon eller skilsmisse i Noreg?

Etter ekteskapslova § 30b kan du søkje om separasjon eller skilsmisse i Noreg dersom du eller din ektefelle har tilstrekkeleg tilknyting til landet. Det vert normalt kravd at minst ein av dykk er  fast busett her. For EØS-borgarar vert det som hovudregel kravd varig opphaldsløyve etter fem års samanhengande lovleg opphald. For andre er kravet normalt minst to års opphald basert på gyldig opphaldsløyve som dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve. I andre tilfelle gjer Statsforvaltaren ei konkret vurdering av kor sterk tilknytinga er.

Eg er norsk statsborgar busett i utlandet. Kan eg søkje om separasjon og skilsmisse i Noreg?

Ekteskapslova § 30b fastset at du i visse tilfelle kan søkje om separasjon og skilsmisse i Noreg, sjølv om du ikkje er busett her. Dette gjeld dersom:

  • ektefellen din er busett i Noreg, eller
  • du kan dokumentere at du på grunn av statsborgarskapet ditt ikkje vil kunne reise sak i landet du bur, eller
  • de begge er norske statsborgarar og ektefellen din ikkje motset seg at saka vert handsama her, eller
  • de søkjer om skilsmisse etter å ha fått separasjon i Noreg, eller
  • ekteskapet er inngått i Noreg og du kan godtgjere at du ikkje vil kunne reise sak i det landet du er busett

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.