Nettverk for økonomiske rådgjevarar

Oppdatert 06.02.2024

Statsforvaltaren i Vestland held fram med nettverkssamlingar for økonomiske rådgjevarar og gjeldsrådgjevarar tilsett i Nav-kontora i fylket.

Nettverket er ein fagleg møtestad og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette som arbeider med økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving. Statsforvaltaren er vertskap.

Ei arbeidsgruppe set tema for samlingane og bidreg med faglege innspel. I arbeidsgruppa sit fem økonomiske rådgjevarar frå Nav-kontor og to tilsette frå Statsforvaltaren i Vestland. Deltakarane i nettverket vert oppmoda til å komme med innspel på aktuelle tema, problemstillingar og case som dei ynskjer å diskutere i møta. Vi inviterer òg eksterne foredragshaldarar.

Har du spørsmål om nettverket? Kontaktinformasjon finn du under «Kontaktpersonar­» på denne sida.

Nettverkssamlingar i 2024

Vi legg ut informasjon om tema og påmelding så snart det er klart. 

Nettverkssamlingar i 2023

Nettverkssamlingar i 2022

Nettverkssamlingar i 2021

Nettverkssamlingar i 2020

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Medlemmar i arbeidsgruppa

  • Geir Arne Kvam, Nav Luster
  • Berit Muren, Nav Bergenhus
  • Jostein Saghaug, Nav Kvinnherad
  • Monica Secci, Nav Bergen vest
  • Elisabeth Lund-Iversen, Statsforvaltaren i Vestland
  • Malin Roseanne Espejo, Statsforvaltaren i Vestland