Koronavirus

Det nye koronaviruset SARS-CoV-2, som kan gi luftvegsinfeksjonen covid-19, vart først oppdaga i Noreg i februar 2020. Dei fleste som blir smitta får berre lette plager, medan dei som er eldre eller sjuke frå før kan få meir alvorleg sjukdom.

Mange kan òg vere smitta utan å ha symptom (asymptomatiske) og difor er det viktig å halde 1 meter avstand til dei du ikkje bur saman med, og ha god hoste- og handhygiene. I dei tilfella du ikkje klarer å halde 1 meter avstand til andre, er det tilrådd med munnbind. Hald deg heime viss du føler deg sjuk og undersøk i din kommune korleis du kan teste deg. Kommunane kan òg ha strengare reglar lokalt enn dei nasjonale. Hald deg oppdatert der du er!

TISK-strategien

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet (FHI) lagar anbefalingar og rettleiingar til andre offentlege mynde og til befolkninga. I Noreg nyttar vi TISK-strategien (Testing, Isolasjon, Smittesporing, Karantene) for å avgrense og slå ned smitte. Det er kommunane som er lokal smittevernmynde og som har ansvar for TISK-strategien i sin kommune. Tid er smitte, og difor er det svært viktig at kommunen kjem i kontakt med dei innbyggarane dei treng, for at smitten skal haldast på eit lågt nivå. Vi oppmodar difor alle til å svare når kommunen tek kontakt.

Smitte

Covid-19 smittar som ved forkjøling og influensa, ved at viruspartiklar i form av dråper blir overført frå luftvegane hos ein sjuk person. Hovudsakleg skjer dette ved nær kontakt (under 1 meter), og studiar tyder på at smitterisikoen fell med 80 prosent ved 1 meter avstand. Tida frå smitte til symptom er vanlegvis fem-seks dagar, og du er mest smittsam rett før symptom og dei første dagane med symptom.

Vaksine

I jula 2020 fekk Noreg dei første dosane med koronavaksine, og alle kommunar er no i gang med vaksineringa. Den tar utgangspunkt i ei prioritert rekkefølgje av ulike grupper i befolkninga. Det overordna målet er å redusere alvorleg sjukdom og død i størst mogleg grad. Det er utvikla fleire ulike vaksinar med ulike verkemåtar. I medio januar 2021 er to av desse godkjende for bruk i EU og dermed i Noreg. Dette er vaksinane frå Pfizer/BioNTech og Moderna. Det er venta at fleire vaksinar vil bli godkjende etter kvart. FHI har ansvaret for det norske vaksinasjonsprogrammet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 11.03.2022

Evaluering av bistand frå Forsvaret til vaksinering i Vestland

Erfaringane frå arbeidet med bistand frå forsvaret til vaksinasjon i kommunane har gitt oss nyttige læringspunkt til det vidare arbeidet med totalforsvaret.


Publisert 24.01.2022

Samtykke til koronavaksine til barn under offentleg omsorg

Regjeringa har etter ei anbefaling frå Folkehelseinstituttet bestemt å opne for koronavaksine til barn i alderen 5-11 år, og andre dose til 12-15-åringar. Det er barnevernstenesta som skal samtykke til koronavaksine for barn som kommunen har omsorga for.


Publisert 07.01.2022

Tilbod i barnehage og skule for barn med foreldre som er tilsett i barnehage eller skule

Skular og barnehagar er døme på sentrale samfunnsfunksjonar som er vurdert som viktige i handteringa av pandemien. Tilsette i barnehagar og skular med barn under 12 år har rett til eit tilbod for barna i skule og barnehage.


Publisert 04.01.2022

Møte om regelverket knytt til pandemihandtering

Statsforvaltaren i Vestland hadde i dag eit møte med kommunane der vi gjorde greie for det midlertidige regelverket knytt til handtering av Covid-19 i barnehage- og skulesektoren.


Publisert 17.12.2021

Kommunane må oppretthalde eit tilbod til barn og unge i pandemien

Tenester til utsette barn og barn og unge med foreldre i samfunnskritiske funksjonar må vere opne og tilgjengelege, og fritidstilbod bør haldast opne så langt det let seg gjere.


Publisert 14.12.2021

Ivaretaking av utsette barn, unge og vaksne i ein sårbar periode

I samband med at pandemien har blussa opp att, minner Barne-, ungdoms-, og familiedirektoratetet (Bufdir) om tre viktige prinsipp: Tilgjengeleg tenester, forholdsmessige tiltak og å oppretthalde prosessar for medverknad.


Publisert 14.12.2021

Auka tiltaksnivå i barnehage og skule

Frå torsdag 16. desember blir det raudt nivå for vidaregåande skular og gult nivå i barnehagar og på barne- og ungdomsskular.


Publisert 03.12.2021

Regjeringa innfører regionale tiltak i bergensområdet

Regjeringa innfører regionale tiltak i Bergen og fleire kommunar i Vestland for å få ned smitten. Tiltaka gjeld frå kl. 21 i dag, 3. desember.


Publisert 03.12.2021

Statsforvaltaren i Vestland tilrår regional koronaforskrift i bergensområdet

Etter møte med kommunane og helseføretaka i bergensområdet i dag har vi sendt våre tilrådingar om forskrift til Helsedirektoratet for vidare vurdering.


Publisert 02.12.2021

Statsforvaltaren førebur regional forskrift i bergensområdet

Etter møte med alle kommunane og sjukehusa i Helse Bergens føretaksområde torsdag morgon, har Statsforvaltaren sett i gang arbeid med forslag til regional forskrift. Forslaget skal sendast til Helsedirektoratet, med ei oppmoding om å legge den fram for regjeringa.