Kostra-rapportering for 2019

Kommunane, interkommunale selskap og kommunale føretak skal rapportere elektroniske skjema og filuttrekk til Statistisk sentralbyrå (SSB) innan 17. februar 2020.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.11.2019

Elektronisk rapportering kan skje frå og med 2. januar 2020. Frist for rapportering av helse- og omsorgstenester, helse- og omsorgsinstitusjonar, sosialhjelp, kvalifiseringsstønad og barnevern, er sett til 15. januar 2020.

For rapportering av øvrige tenesteskjemaer og rekneskapsdata er fristen 17. februar 2020.
Kommunar som ikkje har bestemte ordningar, for eksempel kvalifiseringsstønad eller eigedomsskatt, skal sende inn det aktuelle Kostra-skjemaet og krysse av for at det ikkje er noko å rapportere. Dette for at SSB skal få oversikt over kven som har rapportert og for å estimere korrekte summar på regions- og landsnivå.

Meir informasjon om rapporteringa finn de i brev frå SSB frå 1. november 2019, sjå vedlegg til høgre i artikkelen. Brev er sendt til kommunar og fylkeskommunar, og til IKS frå same dato. Rapportering frå kommunar som skal slåast saman frå 1.01.20. er særskilt omtalt her.

I menyen til høgre finn de nødvendige lenker til brev og informasjon frå SSB, og oversikt over skjema for 2019-rapporteringa.

Treng du assistanse i samband med rapporteringa har SSB si eiga brukarteneste.
Spørsmål kan stillast til: kostra-support@ssb.no eller til telefon nr. 62 88 51 70.

Departementet har på bakgrunn av ny kommunelov fastsett ny Kostra-forskrift frå 2020. Som følge av dette kjem det endringar både i funksjons- og artskontoplanen. Kommunane skal ta i bruk den nye forskrifta frå 1. januar 2020.  

 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.