Matbyen Bergen med vestlandsk ost til Italia

Bergen deltek med fagleg innlegg og tre vestlandske ostar når UNESCO matbyen Bergamo held sin årlege ostefestival Forme Creative 2020 20.-22. november. I år er festivalen tilrettelagd for fjerndeltaking. Ver med i dag kl 14:30!

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.11.2020

Utanom vår heimlege verdsmeister frå 2018, vellagra «Fanaost» frå Ostegården, er dei noko spesielle, men svært tradisjonstunge ostane våre plukka ut til å representere regionen i Bergamo. Brun geitost frå Undredal og Gamalost frå Vik (TINE) er begge svært særmerkte ostetypar, med hundrevis av år med historie bak seg. Og tru det eller ei: italienarane kjenner også til surmjølksostar som gamalost, t.d. den tyrolske «graukäse» frå naboprovinsen Trentino.

Bergen kommune har vore medlem av UNESCO Creative Cities Network i kategorien Gastronomi, eller matkultur, sidan 2015. Fylkeskommunen og Fylkesmannen set pris på deltakinga i utviklingssamarbeidet knytt til Matbyen, også fordi dette kan fungere som eit lokomotiv for utvikling i heile regionen. Kultur- og erfaringsutveksling er eit viktig føremål med nettverket, og med denne deltakinga får både byen og regionen høve til å bygge matidentitet til kultur- og reiselivsprofileringa si.

Den regionale partnarskapen ser deltakinga som eit bidrag til definisjon av vår felles matidentitet, der bergensmarknaden er ein viktig, kommersiell drivar for at også andre stader og område i Vestland skal ta eigarskap til sine lokale spesialitetar, tradisjonar og mathistorier.

Forme Creative 2020

Bergamo er, som Bergen, både UNESCO verdsarv- og matby. Vi har såleis mykje til felles, når det gjeld erfaring og moglegheiter for implementering av kultur og historie i nærings- og reiselivsutvikling. Byen og provinsen er, i tillegg, eit tyngdepunkt for handverksost, og nyttar dette som hovudtema for medlemskapen sin, under namn som Bergamo Cheese Valley.

Arrangementet består av ein UNESCO matby-konferanse (Summit), ei virtuell utstilling, ein ostelab, og eit Cheese Forum. Alle desse vert streama, og kan vere verd å få med seg for alle som er interessert i, eller arbeider med, ost, lokal matidentitet, reiseliv og innovasjon her heime.

Her finst tema som:

  • ost og mat som kulturarv
  • område, kultur og lokale produkt som strategiske ressursar i profilering
  • matturisme: stader som destinasjonar og lokalprodukt som ambassadørar
  • innovasjon, internasjonalisering, netthandel og marknadsplassar

Bergen som motor for utvikling av identitetsmat i Vestland

Vi har i noko tid sett at bergensmarknaden har fungert som ein kommersiell drivar innanfor lokalmat i Vestland, mellom anna i utviklinga innan sider og bær, der Bergen har vore «den store heimemarknaden» for vestlendingane. Samstundes har restaurantnæringa i byen vore ein kulturell drivar for å fremje og bruke lokalmat, i møte med lokale produsentar frå store delar av fylket. Det store, regionale reiselivet har også i aukande grad adoptert mat som ein del av historia om Bergen og fjordane.

Vi har tiltru til at både denne deltakinga og andre aktivitetar i regi av Matbyen Bergen bidreg til å setje fokus på eigen matkultur, også i andre delar av fylket.

Partnarskapen vil særleg takke Aud Slettehaug ved Kompetansenettverket for lokalmat (Vest) ved Sogn Jord- og Hagebruksskule, som har vore avgjerande for å få organisert alt rundt dei deltakande ostane på kort varsel.

 

Lenkjer:

Interesserte frå publikum, fag og næring innan ost, lokalmat, gastronomi og reiseliv kan følgje Forme Creative 2020 her: https://www.progettoforme.eu/en/ 

International Summit “Food. Restart from Creativity” vert streama på Comune di Bergamo sin Youtube-kanal fredag 20. november kl 14.30: https://www.youtube.com/user/comunebg

Den virtuelle utstillinga av ostar frå UNESCO-byane finn du her:
https://www.progettoforme.eu/en/creative-cheese-expo/

Informasjon om UNESCO-nettverket finn du her: https://en.unesco.org/creative-cities/home
Her fin du informasjon om Bergen si UNESCO satsing her: https://bergenmatby.com/

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar