Fiske etter rømt oppdrettsfisk i sjø i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen opnar for at oppdrettsfisk fanga på garn i Sogn og Fjordane kan avlivast ut oktober 2019.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.10.2019

Om lag 17.000 laks har rømt frå slakteriet i Brekke. 

Om fiske i sjø

Det er ikkje lov å fiske laksefisk med garn. I Hordaland og Sogn og Fjordane er det likevel opna for garnfiske etter rømt oppdrettslaks i perioden 1. oktober til 28. februar i enkelte område, og etter særskilde fiskereglar.

Opning for å avlive rømt oppdrettslaks i Sogn og Fjordane

På grunn av den store rømminga frå Brekke, opnar no Fylkesmannen for at bifangst av oppdrettslaks tatt ved garnfiske etter marin fisk i Sogn og Fjordane kan avlivast. Opninga gjeld ut oktober 2019.

Vilkåra for opninga er:

  1. Berre fisk som ut i frå ytre kjenneteikn kan stadfestast å vera rømt oppdrettsfisk kan avlivast 
  2. Alt fiske skal følgje gjeldande fiskereglar i sjø
  3. All fangst skal registrerast og rapporterast til Fylkesmannen i Vestland

Meir om fiske i sjø etter rømt oppdrettfisk, finn du på våre sider om fiskereglar

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.