Fiskesesongen laks og sjøaure 2018 i Hordaland

Totalt 6 796 kg laks og sjøaure vart fiska i vassdrag i Hordaland i 2018. Storelva i Arna toppa statistikken for fangst av laks, medan det i Eidfjordvassdraget vart fanga mest sjøaure.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.03.2019

Laks

Tilsaman 5 106 kg laks vart fiska i løpet av sesongen 2018. Av dette vart 4 041 kg avliva og 1 065 kg sett ut att. Ingen vassdrag fanga over tonnet med laks i 2018. Nærast kom Storelva i Arna med totalt 821 kg laks, 566 kg avliva og 255 kg laks sett ut att. Det er ikkje opna for sjølaksefiske i ordniær sesong i Hordaland.

Fangststatistikken skil ikkje på villaks og rømt oppdrettslaks.

Fangst av laks i vassdrag Hordaland 1972 - 2018

Sjøaure

Totalt 1 690 kg sjøaure vart fanga i 2018, fordelt på 1 188 kg avliva og 502 kg utsett sjøaure. Som tidlegare år, så er det i Eidfjordvassdraget det vart fiska mest sjøaure, i alt 414 kg fordelt på 331 kg avliva og 83 kg utsatt.

Fangst av sjøaure i vassdrag i Hordaland 1993 - 2018

Elvefangst i Hordaland 2018. Utsett fisk er inkludert i tala frå kvar elv

Fiske 2019?

Lurar du på fisketidene i 2019? Dei er dei same som i fjor. For fisketidene sjå forskrift om fiske etter anadrom laksefisk i vassdrag.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.