Stenging av fiske i Flåm

For å sikre laksebestanden i Flåmsvassdraget stenger Fylkesmannen i Vestland fisket etter laks og sjøaure i Flåmselvi og i utvida munningssone, ut til Dorganeset, i 2019.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.06.2019

Situasjonen til laksen i Flåmselvi er kritisk. Fylkesmannen har difor fatta vedtak om å stenge fisket etter laks og sjøaure i Flåmselvi og i utvida munningssone i sjøen.

Utvida munningssone utanfor Flåmselvi

Norce har talt gytefisk i Flåmselvi årleg sidan 2012. Gytebestanden av laks er redusert frå 200-280 individ i 2012-2016 til 34 individ i 2018, medan gytebestand for sjøaure er redusert frå 394 individ i 2014 til 60 i 2018.

Mange påverknadar

Etter skadeflaumen i 2014 har det vore mykje grave- og anleggsarbeid i og langs elva. Dette har mellom anna auka transporten av finsediment, som har redusert overlevinga av rogn og yngel og ført til tap av gyte- og oppvekstområde. Laks og sjøaure møter også mange utfordringar i sjøen. I tillegg er rømt fisk ei utfordring. Summen av alle påverknadane kan vere kritisk for laks og sjøaure i Flåmselvi.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.