Skal du fiske i sjøen? Les dette først

I Hardangerfjorden frå Husnes og inn, er det i perioden 1. mars - 30. april ikkje lov å fiske etter laks og sjøaure i fjorden.
I Hardangerfjorden frå Husnes og inn, er det i perioden 1. mars - 30. april ikkje lov å fiske etter laks og sjøaure i fjorden. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Gry Walle.

Fiske i sjø er gratis og ope for alle, men nokre reglar må ein setje seg inn i før fisketuren. Frå 1. mars gjeld nedsenkingspåbod for garn, det er strengare reglar for fiske i fredingssonar, og alt fiske etter laks og sjøaure i Hardanger-fjorden er forbode frå 1. mars–30. april.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.03.2021, Sist endra 05.03.2021

Reglar for garnfiske

Det er forbode å fiske etter laks eller sjøaure med garn. Ved fiske i sjøen er det ei plikt å setje garnet slik at det ikkje fangar laks eller sjøaure. Om ein skulle kome til å fange anadrom laksefisk i garn satt for å fange saltvassfisk, skal fisken sleppast ut att uansett om han er daud eller levande.

Hordaland

Frå 1. mars til og med 30. september er det berre tillate å nytte setjegarn til fiske etter saltsvassfisk. Alle garn som har maskevidde over 32 mm skal senkast, slik at heile fangstdelen til ei kvar tid står minst 3 meter under havoverflata.

I Hardangerfjorden innanfor Bleiknes ved Husnes og Ystadnes ved Ølve, og fjordane rundt Osterøy skal alle garn uansett maskevidde senkast i same periode, slik at fangstdelen står minst 3 meter under overflata.

Sogn og Fjordane

Frå 1. mars til og med 30. september skal alle garn uansett maskevidde senkast, slik at heile fangstdelen til ei kvar tid står minst 3 meter under havoverflata.

Fredingssoner og munningssoner

Det er ikkje lov å setje garn i 100-meterssona (munningssona) til vassdraget, og heile fangstdelen må til ei kvar til stå minst 100 meter frå grense elv/sjø. Innanfor fredingssonene skal alle garn, uansett maskevidde senkast ned. I Hordaland må garn senkast ned minst 5 meter under havoverflata og i Sogn og Fjordane må dei senkast ned minst 3 meter under havoverflata.

Ingen fastståande reiskap kan setjast nærare enn 100 meter frå grense elv/sjø.

Hordaland

I nokre fredingssoner er det heilt forbod mot garn- og/eller notfiske:

Vassdrag

Reglar for not- og garnfiske

Storelva i Arna, Eikangervassdraget, Loneelva, Ekso, Modalselva, Oselva, Granvinsvassdraget Forbod mot not- og garnfiske nærare grense elv/sjø enn 500 meter
Daleelva i Vaksdal Forbod mot not- og garnfiske i heile fredingssona
Vossovassdraget Forbod mot notfiske i heile fredingssona. Forbod mot alt garnfiske ut til hengjebrua ved Stamnes skule. I sona utanfor hengjebrua må alle garn uansett storleik senkast til 15 meter i perioden 1. mai til 31. august, og 5 meter resten av året

Sogn og Fjordane

I fredingssoner er fiske med not berre tillate når reiskapen vert nytta i yrkesfiske av yrkesfiskarar som er oppført i fiskarmanntalet og frå fartøy som er registrert i merkeregisteret for norske fiskefartøy. Det skal ikkje fiskast med not nærare grensa mellom elv og sjø enn 500 meter.

Forbod mot fiske av laks og sjøaure i Hardangerfjorden

Fiske etter laks og sjøaure med stang og handsnøre frå båt og land er tillate heile året, unntatt i Hardangerfjorden frå 1. mars til og med 30. april. Forbodet er innført av omsyn til dei svake stammene av sjøaure i Hardanger. Forbodet gjeld i midtre og indre Hardangerfjord, frå ei linje ved Bleiknes ved Husnes over til Ystadnes ved Ølve i Kvinnherad kommune, og innover.

Fisketid i fredingssoner

Det er innført fisketid i fredingssonene/utvida munningssone for fiske etter laks og sjøaure med stang og handsnøre frå land og i båt. Her er det berre ope for fiske etter laks og sjøaure i den tida vassdraget som renn ut i fredingssona er ope for fiske etter sjøaure. Det vil sei at om vassdraget er stengt for fiske etter sjøaure i forskrift, er tilhøyrande fredingssone òg stengt for fiske etter sjøaure og laks. Er det fleire vassdrag som renn ut i ei fredingssone, er det fisketida i vassdraget med strengast regulering av sjøaurefiske som gjeld for fredingssona. I Sogn og Fjordane er det ikkje tillate å dorge i fredingssoner frå 1. mars til 30. september.

Det er framleis lov å fiske etter saltvassfiskar heile året i fredingssoner, men hugs minstemål på fisken!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.