Overflatebehandlingsbransjen er blitt flinkare til å halde miljøkrava

Verksemder som driv med kjemisk og elektrolytisk overflatebehandling og varmforsinking har færre brot på regelverket i 2019 enn ved tilsvarande kontrollar i 2013.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.01.2020

Kjemikaliekar i ein galvanobedrift

Fylkesmannen i Vestland har kontrollert 14 verksemder

Verksemdene i overflatebransjen nyttar farlege kjemikaliar og kan ha utslepp av tungmetall til vatn.

I Vestland vart det utførd tilsyn ved 14 verksemder. Tilsyna var ein del av ein nasjonal kontrollaksjon på bransjen, som ei oppfølging av tilsvarande aksjon i 2013. Åtte av verksemdene blei kontrollerte i begge aksjonane.

Kontrollaksjonen hadde fem hovudmål

Måla med kontrollaksjonen var å

  • bidra til at krav i løyve og i forskrifter bli stetta
  • avdekke eventuelle problem med utslepp til vatn og handtering av kjemikal og farleg avfall
  • bidra til auka kunnskap om regelverk og konsekvensar av drift på miljøet
  • sikre lik praksis i handtering av bransjen
  • vurdere om bransjen er betre på å følgje regelverket no enn i 2013.

Resultat av aksjonen i Vestland

Søylediagram som viser resultat i prosent for verksemder kontrollerte begge åra

Dei største forbetringane sidan førre tilsyn er knytt til lagring, merking og levering av avfall og farleg avfall. I tillegg ser vi ei forbetring i lagring av kjemikaliar og bruk av oppsamlingsbasseng for eventuelle utslepp frå kjemikaliebad. Det er også auka bruk av måleprogram, og utsleppsgrenser blir haldne.

Kva regelverk gjeld for desse verksemdene?

Det er kapittel 28 i forureiningsforskrifta som handlar om forureining frå anlegg for kjemisk og elektrolytisk overflatebehandling. Kapittelet gjeld ikkje utslepp frå varmforsinking, og verksemder som driv med dette skal regulerast med løyve etter forureiningslova. Samstundes må også anlegg med utslepp av avløpsvatn over 100 m3 i døgnet, og prosessbad med volum større enn 30 m3 ha løyve frå Fylkesmannen.

Fleire av dei kontrollerte verksemdene treng løyve

Seks av verksemdene i Vestland har utsleppsløyve, og alle vart kontrollerte i aksjonen.

To verksemder må søkje om utsleppsløyve for drifta. Vi vil følgje opp bransjen ved å kontrollere at brot på regelverket blir retta opp. Dersom det er behov, vil nye tilsyn bli gjennomførte.    

Miljødirektoratet har samanfatta resultata av den nasjonale aksjonen på sine nettsider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.