Vatn

Oppdatert 20.12.2023

Vatn er ein livsnødvendig ressurs for alle. Vi har mykje reint vatn i Noreg, men ikkje alt vatnet har like god kvalitet.

Dette er dei viktigaste årsakene til dårleg vasskvalitet:

  • forureining som forsuring, overgjødsling og spreiing av miljøgifter
  • fysiske endringar som vassdragsregulering, hindringar som for eksempel vegar og jernbaner, og grøfting og andre tiltak som styrer vatnet i kanalar
  • biologiske påverknader som framande fiskeartar, rømt oppdrettsfisk og lakselus

Samarbeid om vassforvaltning

Vatnet renn dit det vil. Dei fleste vasskjeldene strekkjer seg over fleire kommunar eller fylke, og nokre deler vi med nabolanda våre. Derfor må vatnet forvaltast i samarbeid mellom lokale, regionale og sentrale styresmakter. Her samarbeider vi også med nabolanda Sverige, Finland og Russland. 

Noreg er delt inn i elleve vassregionar. Éin fylkeskommune i kvar region er peikt ut som vassregionstyresmakt. 

Statsforvaltarens oppdrag

Klima- og miljødepartementet er ansvarleg styresmakt for innføringa av EUs rammedirektiv for vatn. Statsforvaltaren er departementets representant på regionalt nivå, og skal 

  • samle kunnskap om tilstanden på vatnet og gi ei vurdering av miljøtilstanden
  • overvake og kartleggje problem
  • fungere som miljøfagleg rådgivar for andre involverte styresmakter

Vatnet blir påverka på mange ulike måtar. Omsynet til at vi skal ha reint vatn no og i framtida, må vere ein del av vurderinga på alle fagområde.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 10.04.2024

Kva bør bonden vite om dagleg drift nær vassdrag

Sjølv om ein ønskjer gode avlingar, må ein halde avstand til bekken i den daglege jordbruksdrifta.


Publisert 07.03.2024

Ta vare på den viktige kantvegetasjonen

For mange er lukta av kvae og motorsagolje ein viktig ingrediens denne tida på året. For deg som er ute med sag og øks vil vi minne om kor viktig det er å la kantvegetasjonen stå att langs vassdraga våre. Naturen her er av stor verdi, og store innhogg krev løyve.


Publisert 13.10.2023

Endra frist for å søke tilskotsmidlar til vassmiljøtiltak i 2024

For 2024 er søknadsfristen for Miljødirektoratets tilskotsordning: "Tilskudd til vassmiljøtiltak - generell vassforvaltning" endra til 15. november 2023.


Publisert 17.01.2023

Nydyrking nær elver og bekkar

Nydyrking er ulovleg nær elver og bekkar. Dyrking som i spesielle tilfelle gir behov for tiltak nær vassdrag, krev løyve etter vassressurslova og forskrift om fysiske tiltak i vassdrag.


Publisert 25.02.2022

Vassdragsinngrepssaker i 2020 og 2021

Statsforvaltaren handsama 61 søknader/høyringar om inngrep i vassdrag i 2020, og 60 saker i 2021.


Publisert 16.02.2022

Energisaker i 2021

Statsforvaltaren i Vestland handsama totalt 69 energisaker i 2021, fordelt på vasskraft, nettanlegg og vindkraft.


Publisert 18.02.2021

Energisaker i Vestland i 2020

Statsforvaltaren i Vestland handsama totalt 102 energisaker i 2020, fordelt på vasskraft, nettanlegg og vindkraft.


Publisert 03.04.2020

Kritiske samfunnsfunksjonar innan vassdragskalking

Kontinuerleg vassdragskalking utan avbrot er eit viktig og avgjerande tiltak for å sikre god nok vasskvalitet i laksevassdrag som er påverka av forsuring.


Publisert 13.03.2020

Energisaker i Vestland i 2019

Fylkesmannen handsama totalt 115 energisaker i 2019, fordelt på vasskraft, nettanlegg og vindkraft.


Publisert 06.03.2020

Inngrep i vassdrag

Fylkesmannen handsama 45 søknadar om inngrep i vassdrag i 2019.