To nye skogreservat vedtekne i statsråd

I dag vart 30 skogområde verna ved kongeleg resolusjon. To av dei ligg i Vestland, i kommunane Kinn og Gulen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.06.2020

Vernet som vart vedteke i dag omfattar naturreservata Stemnebøskogen i Gulen kommune og Bogane i Kinn kommune. Samla er arealet på om lag 2018 dekar. Som eit ledd i å redusere tapet av naturmangfald har Stortinget som mål å verne ti prosent av skogen i Norge. Til no er om lag fem prosent av skogen verna, og i Vestland fylke er talet knappe tre prosent. Vi har med andre ord eit stykke fram til målet.

Frivillig skogvern

I dei siste åra er det frivillig skogvern som har vore den aktuelle verneforma. Som ordet seier, er dette eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette.

I ein slik prosess er det grunneigar sjølv som tilbyr staten område for vern. For staten vil det vere viktig at det finst viktige miljøverdiar innanfor det aktuelle området. Dersom dette er tilfelle, kan det setjast i gong ein prosess for å verne området. Grunneigar kan trekkje tilbodet når som helst under arbeidet, heilt fram til ein avtale er signert.

Vernevedtaka som no er godkjente i statsråd er begge resultat av at grunneigarane har fremja tilbod til staten om frivillig vern. Les meir om frivillig skogvern på http://frivilligvern.no.

Viktig vestlandsnatur

Bogane naturreservat ligg i Kinn kommune. Føremålet med verneområdet er å ta vare på trua, sjeldan og sårbar natur i eit lite påverka skogområde i Vest-Noreg. Her er rik og gamal edellauvskog med eik i veksling med røsslyngfuruskog og godt innslag av osp. Området har fleire raudlista artar, m.a. eikedynekjuke som har sin viktigaste lokalitet på Vestlandet her. Bogane naturreservat er 653 dekar stort.

Stemnebøskogen naturreservat ligg på Hisarøyna i Gulen kommune. Verneområdet inneheld store naturverdiar, og det er mange sjeldne og trua lavartar som har sitt leveområde i denne kystfuruskogen. Området har boreal regnskog, og er verdifullt fordi det er eit særleg stort område med samanhengjande skog på kysten. Stemnebøskogen naturreservat er 1365 dekar stort. Kart over dei to områda finn du til høgre.

Kvifor vern av skog?

Artsdatabanken, den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Arealendringar er den faktoren som påverkar norske artar mest, og ein reknar med at 90 prosent av dei truga raudlisteartane vert negativt påverka av arealendringar. Inngrep som følgje av utbygging og skogbruk er blant dei viktigaste faktorane. Å ta vare på mest mogleg intakte økosystem i skog er blant dei viktigaste tiltaka vi kan gjere for å ta vare på vestlandsnaturen for framtida.

Kva betyr det at eit område er verna?

For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskeleg å verne skogområda som naturreservat. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby tiltak og aktivitetar som kan skade verneverdiane i naturreservatet. 

Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt og fiske, og ålmenta vil framleis kunne plukke sopp og bær. Turstiar som er i området skal òg kunne haldast ved like. Eksisterande installasjonar på vernetidspunktet skal kunne driftast og vedlikehaldast.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.