Opphevar planar for Loen og Kleppeloen barneskule i Klepp

Fylkesmannen har som settefylkesmann oppheva to planvedtak frå Klepp kommune. Vi kom til at konsekvensutgreiinga for naturmiljø, landskap og friluftsliv for den eine planen var mangelfull. Klagene frå naboar og innbyggjarar vart dermed tekne til følgje.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.09.2020

Klepp kommunestyre vedtok i mai 2020 reguleringsplan for ny barneskule ved Kleppeloen. I same møtet vedtok kommunen plan for Loen, som m.a. la til rette for infrastruktur og tilkomst til barneskuletomta. Planen for barneskulen var i strid med kommuneplanen, og utløyste derfor krav om særskilt konsekvensutgreiing (KU).

Dei to planområda ligg nær Kleppelunden naturområde, som også er eit lokalt viktig friluftområde. Klagarane, blant desse ei større innbyggjarsamanslutning, protesterte derfor på verknaden for naturmiljø og friluftsliv, og på konklusjonane i konsekvensutgreiinga. Kommunen tok ikkje stilling til denne delen av klagene, men viste til utgreiingane i planarbeidet. Kommunen la også stor vekt på at statlege og regionale styresmakter hadde godkjent tomtevalet.

Fylkesmannen har påpeikt at kommunen alltid har det endelege ansvaret i plansaker. KU-forskrifta set krav til metode, kjeldebruk og tilstrekkeleg avstand mellom planforslaggstillar og styresmakt. Der kommunen sjølv er plankonsulent, krev forskrifta at rollane om mogleg skal skiljast administrativt, slik at planane vert utarbeidde med tilstrekkeleg objektivitet.

Klagarane har fått medhald i at nokon av konklusjonane i konsekvensutgreiinga, kan vere for positivt vinkla. Det er heller ikkje tilstrekkeleg vist korleis kommunen har kome fram til at utbygginga ville ha positiv verknad for naturmiljø og landskap. Fylkesmannen kom derfor til at det er behov for tilleggsutgreiingar, som viser verknaden av tiltaket.

Fylkesmannen la ved avgjerda vekt på at det ved saken om naturmangfald gjeld eit føre-var-prinsipp, jf. naturmangfaldlova § 9, og at retten til kunnskap om inngrep i natur, og verknaden av slike inngrep, er har eit grunnlovfesta vern.

Klepp kommune har i ettertid kontakta Fylkesmannen, og påpeikt at klagesaka består av to reguleringsplanar. Slik kommunen ser det, kan detaljreguleringsplanen for Loen byggjast ut uavhengig av barneskulen. Fylkesmannen har i vedtaket om oppheving lagt til grunn at planane måtte sjåast i samanheng. I lys av kontakten frå kommunen, vil Fylkesmannen gå gjennom vedtaket for plan 2019016 Loen på ny, for å avgjere om opphevinga av denne planen kan vere feil. Klagarane er bedne om å uttale seg til dette.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.