DSB-CIM - temaside og ressursar

Illustrasjonsfoto: DSB-CIM (DSB)
Oppdatert 15.02.2023

Statsforvaltaren har rettleiings- og brukarstøtteoppgåver for kommunane i høve krisehandteringsverktøyet DSB-CIM. På denne temasida har vi samla relevante ressursar og informasjon som kan vere nyttig.

Kva er DSB-CIM?

CIM er ei forkorting av Crisis Information Management, og er eit norskutvikla krisehandteringsverktøy. DSB-CIM er ein versjon der Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) er systemeigar. Kommunane har tilgjengeleg ein kostnadsfri basisversjon av DSB-CIM, og kan bygge vidare med ulike modular etter eige ønske.

Verktøyet kan brukast både til førebyggjande arbeid og ved krisehandtering. Varsling, loggføring og rapportering via Statsforvaltaren til sentrale styresmakter er døme på bruksområde.

DSB gjennomfører jamleg grunnkurs og administratorkurs ved kurssenteret sitt i Heggedal i Asker. Vi tilrår kommunane å delta på DSB sine kurs. Særleg for dei som skal vere administrator i kommunen sin DSB-CIM, bør ha gjennomført administratorkurs. Vi har òg god erfaring med å arrangere kurs lokalt med instruktør frå DSB tidlegare, og ønskjer å fortsette med dette. Kor ofte slike kurs vil bli arrangert lokalt, vil avhenge av interesse og ønske frå kommunane.

Kva kan Statsforvaltaren hjelpe med?

  • Brukarhandtering (endre passord/opprette nye brukarar/opne stengte brukarkontoar) skjer lokalt, men administrator kan kontakte Statsforvaltaren ved behov for t.d. å endre sin eigen tilgang.
    • Ved uønskte hendingar eller situasjonar der det er viktig for kommunen å få opna tilgang raskt, er vi sjølvsagt tilgjengeleg for å hjelpe òg med andre brukarar sin tilgang.
  • Støtte kommunen sin administrator ved behov, som diskusjonspart og ev. hjelp med praktisk gjennomføring av t.d. tilpassingar av installasjonen.
  • Bindeledd mellom kommunane og leverandøren/DSB.
  • Tilgang som administrator og superadministrator for kommunar som ikkje allereie har dette sjølv, går via oss. For å få superadministratortilgang må ein ha gjennomført administratorkurs. Ved behov for endringar og t.d. tilgang for ulike roller i kommunens installasjon, kan vi bistå med det fram til kommunen sjølv får superbrukar på plass. 
  • Vidareformidle innspel til endringar frå kommunane til DSB og leverandøren.
  • Utarbeiding av rettleiingsmateriell - skriftleg og video.

Statsforvaltaren informerer kommunane v/beredskapskontakt om vedlikehald av installasjon og oppgraderingar.

Vi gjer òg merksam på at det finst ein hjelpefunksjon inne i installasjonen; knapp med spørjeteikn i øvre høgre hjørne.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Aktivitetar

Ta kontakt med oss dersom de har spørsmål eller behov for rettleiing.

Planlagte aktivitetar (ikkje tidfesta):

  • Utvide rettleiingsmateriell til å gjelde utvalde administratoroppgåver (både skriftleg og videorettleiing).
  • "Webinar" med ulike tema
  • Brukarforum

Kom gjerne med innspel og ønskje til aktivitetar.