Tilskot til utvikling av sosiale tenester i Nav-kontora

Søknadsfrist:
1. februar 2019 23:59
Målgruppe:
Nav-kontora
Ansvarleg:
Arbeids- og velferdsdirektoratet i samarbeid med fylkesmennene
Kven kan søke:
Nav-kontora
Rapporteringsfrist:
1. februar 2020 23:59

Arbeids- og velferdsdirektoratet kan gi tilskot med føremål å stimulere til utvikling av dei sosiale tenestene i Nav.

Publisert 27.12.2018

Ein vil kunne få tilskot primært for eitt år, men direktoratet vil likevel kunne gi tilskot i inntil tre år til same tiltak. I 2019 vil direktoratet særskilt prioritere tiltak som er retta mot:

  • Bruk av ordinært arbeidsliv.
  • Oppfølging av barnefamiliar, ungdom og innvandrarar.
  • Sikring av sårbare overgangar, som til dømes lauslating frå fengsel og overgang mellom ulike tenester, utdanning og arbeidsliv.

Klikk her for å lese heile utlysingsteksten og for å finne søknadsskjema.

Nav-kontora i Hordaland og Sogn og Fjordane kan sende søknader om tilskot elektronisk til Fylkesmannen i Vestland på organisasjonsnummer: 974760665. Eventuelt vil ein kunne sende søknader per e-post til fmvlpost@fylkesmannen.no

Brevpost til Fylkesmannen i Vestland kan sendast til: Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. 

Søknadsfrist:
1. februar 2019 23:59
Målgruppe:
Nav-kontora
Ansvarleg:
Arbeids- og velferdsdirektoratet i samarbeid med fylkesmennene
Kven kan søke:
Nav-kontora
Rapporteringsfrist:
1. februar 2020 23:59