Gåve frå verjehavar

Ei verje kan gje gåver på vegner av verjehavar så lenge gåva er innanfor vanleg skikk og bruk, altså vanleg både for verjehavar og elles i samfunnet. 

I eit verjemål som ikkje omfattar fråtaking av rettsleg handleevne, kan personen med verje fritt dele ut gåver på eiga hand utan medverknad frå verje eller Statsforvaltaren. Føresetnaden er at vedkomande fysisk og kognitivt er i stand til det. Dersom verja som skal dele ut gåver på vegner av personen med verje, gjeld følgjande reglar.

Skikk og bruk

For at ei verje skal kunne gi bort gåver på vegner av personen med verje, må gåva følgje av skikk og bruk for vedkomande. Kravet om skikk og bruk set rammer for når det kan givast gåver, til kven og med kva beløp. 

Det kan vurderast både subjektive og objektive kriterium.

Personen med verje sin tidlegare praksis vil stå sentralt. Ved kva høve gåva vert gitt og kven som er mottakar av gåva vil også ha betyding. Det er for eksempel ganske vanleg å gi den næraste familien gåver til jul, bursdag, konfirmasjon, bryllaup og dåp. 

Det avgjerande er å finne ut kva som har vore vanleg for personen med verje og i hans eller hennar miljø og omgangskrins. 

I kva tilfelle må Statsforvaltaren samtykke?

Statsforvaltaren må godkjenne gåva dersom det gjeld eit større beløp for personen med verje. Kva som er eit større beløp avheng av økonomien til personen med verje. Det som er ei større gåve for ein, treng ikkje vere det for andre. Statens sivilrettsforvaltning har uttalt at ei gåve på 1/2 G så og sei alltid er å rekne som ei gåve av større beløp. Er verja i tvil om gåva er av større beløp, bør han eller ho rådføre seg med Statsforvaltaren før utdeling.

Samla vurdering

Det er ingen som har rettskrav på å få gåver. Det må alltid gjerast ei avveging av om utdeling av gåva er forsvarleg.

Fast eigedom og gåvesal

Ved sal av eigedom utanom den opne marknaden, for under marknadspris/takst, må Statsforvaltaren også behandle saka etter reglane som gjeld for utdeling av gåve. Gåvesal av eigedom må godkjennast av Statsforvaltaren også dersom det er ektefelle eller sambuar som er verje.

I tillegg til dokumentasjon på at vilkåra for gåve er oppfylte, treng vi informasjon om verdien på eigedommen og dokumentasjon på at personen med verje ikkje kan nyttiggjere seg av eigedommen. 

Ved gåvesal, må Statsforvaltaren underskrive på og stemple skøyte og overdragingsdokumenta før dei vert sende til kartverket for tinglysing. 

Korleis søkje?

Ettersom det er verja som med samtykke frå Statsforvaltaren har myndigheit til å dele ut gåver på vegner av verjehavar, er det verja som må sende søknad til oss. Aktuelle søknadsskjema finn du på www.vergemal.no/skjema.

Kva må søknaden innehalde?

Søknaden må signerast av verje, og av personen med verje dersom han eller ho er i stand til å forstå hva saka gjeld.

Det må opplysast kven det vert søkt om å gi gåve til, kva beløp og kvifor det følgjer av skikk og bruk for verjehavar å gi ei slik gåve. Det bør leggast ved så mykje dokumentasjon som mogeleg på kvifor gåva følgjer av skikk og bruk, f. eks dokumentasjon på tidlegare gåvepraksis i form av kvitteringar, kontoutskrift, arveavgiftsmeldingar til skatteetaten mv. Det må også opplysast om kva verjehavar har av økonomi før og etter ei eventuell utdeling. Kopi av testament bør leggast fram.

Kor lang er saksbehandlingstida?

Saksbehandlingstida på søknader om gåve er for tida svært lang. Det kan ta opptil seks månader å behandle søknaden frå saka er tilstrekkeleg opplyst.

Klagerett

Vedtaket kan klagast på av part og andre med rettsleg klageinteresse innan tre veker frå vedtaket vart motteke. 

Part er den vedtaket rettar seg mot og som det elles direkte gjeld. I desse sakene vil det i praksis sei verje og personen med verje. 

Normalt vil ikkje mottakarar av ei gåve ha rettsleg klageinteresse, med mindre vedkomande etter ei samla vurdering har ei så konkret, praktisk og aktuell tilknyting til saka at vedkomande har eit reelt behov for å få vedtaket prøvd. 

Ei eventuell klage på vedtaket skal sendast til Statsforvaltaren. Statens sivilrettsforvaltning er klageinstans. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.