Barn sin rett til å bli høyrt

Personar som er under 18 år er mindreårige, og kan som hovudregel ikkje inngå bindande avtalar eller bestemme over midlane sine. Likevel får barn og unge gradvis større rett til å bestemme sjølv, og alle barn har rett til å bli høyrt i saker som handlar om dei.

Dette gjeld på dei fleste område, inkludert i spørsmål om økonomi, som elles er verja sitt ansvar fram til den mindreårige er myndig. På nettsidene til Barneombodet finn du meir informasjon om kva mindreårige kan bestemme over sjølv.

Rett til å bli høyrt

Disponere eigne pengar

Etablere eige hushald

Inngå arbeidsavtale

Starte enkeltpersonføretak/næringsverksemd

Rett til å bli høyrt

Barn har rett til å uttale seg og til å bli høyrt. Etter kvart som barn er i stand til å ha eigne synspunkt, skal foreldra høyre kva barnet har å seie før det blir tatt avgjerder for barnet i personlege spørsmål. Frå barnet er tolv år skal foreldre/verje høyre kva barnet meiner i saker om økonomi og andre verjeoppgåver. For å sikre at barnet si meining er høyrt, krev vi at også barnet har skrive under på til dømes søknader om uttak frå kapitalkonto.

Disponere eigne pengar

Barn og unge bestemmer sjølv over pengar dei har tent ved eige arbeid etter fylte 15 år, og over pengar som foreldre eller andre har gitt barnet til eige bruk. Barn som har fylt 15 år, kan også opprette eigen bankkonto for pengar han eller ho har rett til å bruke sjølv.

Etablere eige hushald

Mindreårige som har etablert seg med eige hushald, kan gjere disposisjonar som er vanlege i eit hushald, til dømes ved oppfostring av barn. Før fylte 18 år kan ein likevel ikkje inngå avtale om å leige bustad.

Inngå arbeidsavtale

Unge over 15 år kan sjølv inngå arbeidsavtale. Unge under 15 år må ha samtykke frå foreldre eller verje. Den mindreårige sjølv seie opp og avslutte arbeidsforhold utan samtykke frå foreldre/verje. Verje kan ikkje inngå arbeidsavtale for den mindreårige, men kan avslutte arbeidsforhold viss dette er nødvendig av omsyn til den mindreårige. 

Starte enkeltpersonføretak/næringsverksemd

Unge som har fylt 15 år kan starte næringsverksemd i form av enkeltpersonføretak. Oppstart av næringsverksemd krev samtykke frå oss og frå verje. Dersom begge foreldre har foreldreansvar, må begge skrive under på søknaden til oss eller sende samtykke elektronisk. Vi ber også om underskrift frå den mindreårige sjølv. Det må gå fram av søknaden kva næringsdrifta skal gå ut på. Foreldre/verjer skal føre tilsyn med verksemda. Søknadsskjema finn ein på vergemal.no/skjema.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Lenkjer