Forholdet mellom verjene til mindreårig

Foreldra har som hovudregel felles foreldreansvar, og begge er dermed også verje for barnet. Dette gjeld uavhengig av om barnet bur med ein av foreldra eller begge. 

Verjene skal handle i fellesskap for barnet, og begge må kunne skrive under på søknader og anna for barnet. Dersom foreldra ikkje blir einige i spørsmål av betyding for barnet, kan Statsforvaltaren avgjere saka.

Foreldre som har foreldreansvaret åleine, er verje for barnet aleine. Treng du dokumentasjon på at du har foreldreansvar, kan dette bestillast på nettsidene til Skatteetaten.

Kan mor eller far opptre som verje åleine?

Mor eller far kan opptre åleine som verje for barnet, dersom den andre forelderen gir fullmakt til dette. Fullmakta kan vere generell, eller ho kan gjelde for bestemte spørsmål som til dømes å skrive under på søknad til Statsforvaltaren om å bruke av barnet sin kapital.

Dersom ei av verjene av ulike årsaker ikkje kan ta hand om verjeoppgåver for ei viss tid eller for bestemte spørsmål, kan Statsforvaltaren avgjere at den andre verja skal ha oppgåva åleine. Dette kan vere aktuelt i situasjonar der det ikkje er samvær og kontakt med ein av foreldra, til dømes fordi han eller ho oppheld seg på ukjent stad, er utvandra frå Norge eller har besøksforbod mot barnet og den andre forelderen. Foreldreansvaret vil framleis vere felles, om ikkje foreldra avtalar noko anna seg i mellom og melder inn avtalen til folkeregisteret. Det kan også reisast sak for tingretten, med krav om å få foreldreansvaret aleine.

Søknad om å ta hand om verjeoppgåver aleine, må grunngjevast og sendast skriftleg til oss. Det er ikkje eige søknadsskjema for dette, bruk skjemaet Melding til Statsforvaltaren, som du finn på www.vergemål.no/skjema.

Kan mor eller far disponere bankkonto aleine?

Foreldre med felles foreldreansvar disponerer som hovudregel barnet sin konto saman, om dei ikkje avtalar noko anna. Foreldre skal kvar for seg kunne opprette konto for barnet aleine, men begge foreldre vil då ha disposisjonsrett til kontoen.

Dersom barnet ikkje bur med begge foreldra, kan Statsforvaltaren bestemme at berre ein av dei skal disponere barnet sin konto. Dette kan vere aktuelt dersom ein av foreldra brukar barnet sine pengar til eigne føremål. Søknad om å disponere bankkonto aleine, må grunngjevast. Dersom det gjeld ein konto barnet har frå før, må det stå kva bank og kontonummer søknaden gjeld. Ved ny bankkonto, må vi ha opplysningar om kva bank kontoen skal opprettast i. Søknadsskjema finn du på www.vergemal.no/skjema.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.