Verje for einsleg mindreårig flyktning

Einslege mindreårige har rett til å få oppnemnd verje når dei er innvilga opphaldsløyve som gjev grunnlag for permanent opphald.

Alle barn og unge skal ha verje fram til dei fyller 18 år. Einslege mindreårige flyktningar har ikkje foreldre eller andre med foreldreansvar i Norge, og er såleis utan fungerande verje. Statsforvaltaren skal difor oppnemne verje. Mindreårige som har hatt representant etter representantordninga tidlegare, skal få oppnemnd verje når dei får innvilga opphaldsløyve som gjev grunnlag for permanent opphald.

Verja sine oppgåver

Familiegjenforeining

Melde frå om behov for verje for einsleg mindreårig

Verja sine oppgåver

Sidan den mindreårige ikkje har foreldre eller andre med foreldreansvar i Norge, tek verja avgjerder som ligg til foreldreansvaret. Verja skal informere barnet og gi han eller henne høve til å uttale seg, og det skal leggast vekt på barnet si meining.

Verja har ikkje ansvar for dagleg omsorg eller forsørging av barnet, men skal sjå til at omsorgssituasjonen er tilfredsstillande. Dei fleste einslege mindreårige flyktningar bur i kommunale bufellesskap, som vert drivne med oppfølging frå barneverntenesta i kommunen. Bufellesskapet står for kontakten med heim og skule. Dei skal også sørge for at barnet får helsehjelp og transport eller følgje ved behov for dette.

Aktuelle verjeoppgåver er blant anna å

  • opprette bankkonto i barnet sitt namn (brukskonto og eventuelt verjekonto)
  • søkje fornying av opphaldsløyve innafor fristen som er sett i vedtaket frå utlendingsmyndigheitene
  • søkje om pass/reisebevis/legitimasjon
  • søkje om bidragsforskot dersom barnet bur med slektningar og ikkje er forsørga av det offentlege i institusjon eller bufellesskap
  • søkje ekstra stønader ved funksjonshemming eller andre særlege behov
  • melde frå til Statsforvaltaren og til folkeregisteret dersom den mindreårige flyttar
  • søkje barnetrygd

Familiegjenforeining

Verja må

  • setje seg inn i kva vedtak om opphaldsløyve den mindreårige har fått, og om det gjev grunnlag for at familiemedlemer kan søkje om familiegjenforeining
  • sikre at den mindreårige er kjent med retten til familiegjenforeining og hjelpe til med det formelle i samband med ein eventuell søknad
  • sikre at barnet forstår søknadsprosessen og konsekvensane av at familiemedlemmane kjem til Noreg

Verja deltek saman med barnet i ein eventuell samtale med styresmaktene (UDI), og signerer saman med barnet. I denne prosessen representerer verja barnet, men verja er ikkje fullmektig for familiemedlemmane. Familiemedlemmane er søkarar, medan barnet er referanseperson i Noreg. Barnet har i utgangspunktet få og avgrensa oppgåver. Det er familiemedlemmane som må skaffe nødvendig dokumentasjon, fylle ut søknadsskjema, reise til aktuell ambassade for å søkje, betale søknadsgebyr med meir.

Vi ser at søkarane i mange tilfelle ber barnet om hjelp til ein del av desse meir praktiske oppgåvene. Statsforvaltaren oppfordrar til at den mindreårige sjølv, verja og omsorgspersonane i bufellesskapet finn fram til ei fornuftig deling av arbeidsoppgåvene. Det vil vere naturleg at tilsette som den mindreårige har tillit til, bidreg med rettleiing og praktisk hjelp i søknader om familiegjenforeining.

Melde frå om behov for verje for einsleg mindreårig

Kommunen melder frå til Statsforvaltaren når ein einsleg mindreårig flyktning vert busett i kommunen. Bruk skjema Melding om behov for verje for mindreårig som er tilgjengeleg vergemal.no/skjema

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.