Endring i regelverket for regulering av griseproduksjon

Etter ein lang prosess med diskusjon om eingongspurker, har Landbruks- og matdepartementet endra husdyrkonsesjonsforskifta for å redusere bruk av denne produksjonsforma. Frå 1. januar 2020 skal smågrisproduksjonen regulerast både på tal innsette og på tal utrangerte avlspurker.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.11.2019

Konsesjonsgrenser

Dagens regelverk med innsette avlspurker vil framleis gjelde. Ein kan maksimalt ha 105 avlspurker og inntil 2100 dyreeiningar til ei kvar tid. Ein slaktegris slakta over 34 kg tel 1, ein seld gris over 50 kg tel 1, og ei innsett avlspurke tel 20 dyreeiningar. Dette gjeld likt for både smågrisselgande-, kombinert- og avls-besetningar. For purkeringsystemet kan navet ha 450 avlspurker til ei kvar tid, og ikkje ha slaktegris utover slakt frå rekruttering. For satellittane gjeld maksimalt 53 innsette avlspurker og inntil 2100 dyreeiningar til ei kvar tid. I purkeringssystemet tel òg ein slaktegris slakta over 34 kg 1 dyreeining, og det same for ein seld gris over 50 kg, medan ei innsett avlspurke tel 40 dyreeiningar.

Nytt er at produksjonar med purker vil i tillegg regulerast ut frå ei grense for maksimalt tal på utrangerte purker. Utrangerte purker er slakta og selde purker, samt avliva og destruerte purker.

Konsesjonsgrensene for utrangerte purker for «vanlege» besetningar (nytt i tillegg):

  • Ei «vanleg bruksbesetning» kan maksimalt utrangerte 150 avlspurker pr. år. Det er ein faktor på 1,4286 i forhold til 105 avlspurker.
  • Foredlingsbesetningar kan utrangerte maksimalt 438 avlspurker pr. år (forhold 4,1714).
  • Formeringsbesetningar kan utrangerte maksimalt 220 avlspurker pr. år (forhold 2,0952).
  • Produksjon i nav i purkering kan utrangere maksimalt 1 010 utrangerte avlspurker pr. år (faktor 2,2444).

Forholdstal
Forholdstala for smågrisproduksjon og dei ulike besetningstypane:

  • avlspurke: 20 konsesjonseiningar (ingen endring),
  • utrangert avlspurke: 14 konsesjonseiningar,
  • utrangert avlspurke i foredlingsbesetning: 4,8 konsesjonseiningar,
  • utrangert avlspurke i formeringsbesetning: 9,54545 konsesjonseiningar,
  • utrangert avlspurke i nav i purkering: 2,08 konsesjonseiningar.

Kombinertbesetningar og avlsbesetningar

Kombinertbesetningar må tilpasse tall utrangerte avlspurker til tall slaktegriser som er slaktet eller omsett til ei kvar tid, og i løpet av produksjonsåret. Ein slaktegris tel ein dyreeining frå 34 kg slakta, eller omsette over 50 kg levandevekt. For eksempel vil en kombinertprodusent som har slaktet eller omsett 1100 slaktegris ha 1000 konsesjonseiningar tilgjengeleg. Han kan derfor utrangere maksimalt 72 avlspurker (1000/14) gjennom året. Produsenten må i tillegg tilpasse talet på innsette avlspurker etter talet slakta eller omsette slaktegriser, slik som han også gjer det i dag.

For avlsbesetningane er det på same måten som kombinert for slaktegris, og i tillegg tel selde livgris over 50 kg levandevekt ein dyreeining kvar.

Produsentar med konsesjon

For produsentar som har innvilga konsesjon, utreknast maksimalt tal utrangerte avlspurker ved hjelp av forholdet mellom maksimalt tall avlspurker og utrangerte avlspurker innanfor dei ulike produksjonstypane. For eksempel vil ei bruksbesetning med konsesjon for 130 avlspurker, kunne utrangere 130 * 1,4286 = 186 avlspurker.

Overgangsordning / søknad om midlertidig konsesjon

Det er videre fastsett at det vil bli ei overgangsordning på fem år, fram til 31. desember 2024. Dette inneber at produsentar som har utrangert fleire avlspurker enn dei nye konsesjonsgrensene, kan søke om ein midlertidig konsesjon på utrangering av fleire avlspurker. Konsesjonen vil baserast på produsentens dokumentasjon over tal utrangerte avlspurker i 2017 eller 2018. Landbruksdirektoratet utarbeider eit søknadsskjema som skal nyttas til å søkja om slik konsesjon.

Registrering av foredlings- og formeringsbesetningar

Foredlings- og formeringsbesetningane må registrerast hos Landbruksdirektoratet. Landbruksdirektoratet vil òg her utarbeide eit skjema til dette der besetningane sjølv melder inn sin status som foredlings- eller formeringsbesetning.

Informasjon om regelverket

Meir informasjon om regelverket finn de på Landbruks- og matdepartementet og Landbruksdirektoratet sine nettsider. De kan òg kontakta saksbehandlar hos Fylkesmannen for meir informasjon.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.