Nær halvert laksefiske i Møre og Romsdal i 2023

Laksefisket vart nær halvert i elvane i Møre og Romsdal i 2023. Rapportert samla fangst er på 5676 laks, 19,3 tonn. 892 laks vart slept ut igjen. I 2022 vart det fanga 37,5 tonn laks i elvane.

Publisert 29.01.2024

– Vi trur at hovudårsaka til nedgangen i laksefisket er at færre laks overlevde i sjøen, seier Geir Moen, seniorrådgivar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. 

Vitenskapleg råd for lakseforvaltning, eit uavhengig råd oppretta av Miljødirektoratet, peiker nettopp på redusert overleving ute i havet som grunn til nedgangen.

– Dei meiner den reduserte overlevinga kan skuldast klimaendringar eller andre tilhøve, og også lakselus som tar livet av mykje laksesmolt på veg ut til havet, fortel Moen.

Sjølaksefisket med kilenot vart også nesten halvert frå 4,3 til 2,4 tonn laks.

– Sjølaksefisket er berre ope i Sunndals- og Tingvollfjorden. Fangsten i elvane er den lågaste sidan 2007, men det året vart det fiska heile 26,5 tonn i sjøen i fylket, seier Moen.

Redusert innsig av laks frå sjøen

Ingen elver utmerka seg særleg positivt i 2023. Driva hadde størst fangst.

– Her har det vore eit mål å halde nede talet på laks i elva i samband at lakseparasitten Gyrodactylus salaris blir nedkjempa. Det var få restriksjonar på fiske sidan færre vertsfisk for parasitten aukar sjansen for vellukka behandling.

Moen fortel at Driva har det største potensialet av elvane i fylket, når den blir friskmeldt. I Surna og Rauma, som ligg på dei neste to plassane, blei det fiska berre litt over to tonn laks i året som gjekk. Åheimselva, som hadde eit svært godt år i 2022, var på tredje plass i tal på fiska laks i 2023.

Stabilt låg fangst av sjøaure

Sjøaurefangsten i fylket kom på 3,0 tonn mot 3,2 tonn i 2022, og er framleis på eit lågt nivå. Det vart avliva 1,1 tonn og gjenutsett 1,9 tonn.

– Driva hadde størst sjøaurefangst med 574 kilo, her vart alt gjenutsett, fylgt av Eira med Eikesdalsvatnet med 468 kilo og Rauma med 257 kilo.

I 2023 var 70 elver i fylket opne for fiske etter laks og/eller sjøaure. Alle leverte fangstrapport (www.fangstrapp.no).

– Fangststatistikk i kombinasjon med å registrere gytebestand gir verdfull kunnskap om bestandssituasjonen i det enkelte vassdrag, og gode føringar for vidare forvaltning, seier Moen.

Fangst i vassdraga i 2023 (kilo)

LAKS:

Nedanfor er ei oversikt over dei 10 vassdraga med størst rapportert fangst av laks (avliva + utsett) i 2023. Tala viser totalt kilo laks, og tala i parentes tal i kilo avliva laks/tal i kilo utsett laks.

1.

Driva, Sunndal:

3420 (3389/31)

2.

Surna, Surnadal:

2179 (1521/657)

3.

Rauma, Rauma:

2123 (309/1813)

4.

Strandaelva, Stranda:

1268 (1261/7)

5.

Bondalselva, Ørsta:

1222 (1222/0)

6.

Eira m/Eikesdalsvatnet, Molde:

1090 (382/708)

7.

Stordalselva, Fjord:

939 (932/7)

8.

Vikelva (Bjørke), Volda:

880 (869/11)

9.

Korsbrekkeelva, Stranda:

822 (816/6)

10.

Åheimselva, Vanylven:

788 (752/36)


SJØAURE
:

Nedanfor er ei oversikt over dei 10 vassdraga med størst rapportert fangst av sjøaure (avliva + utsett) i 2023. Tala viser totalt kilo sjøaure, og tala i parentes tal i kilo avliva sjøaure/tal i kilo utsett sjøaure.

1.

Driva, Sunndal:

574 (0/574)

2.

Eira m/Eikesdalsvatnet, Molde: 

468 (257/211)

3.

Rauma, Rauma:           

257 (9/248)

4.

Surna, Surnadal:

247 (28/219)

5.

Isa/Glutra, Rauma:

194 (13/183)

6.

Søya, Surnadal:

121 (96/25)

7.

Hustadelva, Hustadvika:          

91 (60/32)

8.

Fetvassdraget, Sykkylven:

65 (51/14)

9.

Batnfjordselva, Gjemnes:         

59 (4/55)

10.

Vatneelva, Haram:

58 (57/2)


Fangst i vassdraga i 2023 (tal fisk)

LAKS: Nedanfor er ei oversikt over dei 10 vassdraga med størst rapportert fangst av tal laks (avliva + utsett) i 2023. Tala viser totalt tal laks, og tala i parentes tal avliva laks/tal utsett laks.

1.

Driva, Sunndal:

581 (574/7)

2.

Surna, Surnadal:

518 (360/158)

3.

Åheimselva, Vanylven

391 (370/21)

4.

Strandaelva, Stranda:

382 (379/3)

5.

Rauma, Rauma:

373 (64/309)

6.

Bondalselva, Ørsta:

351 (351/0)

7.

Vikelva (Bjørke), Volda:

317 (307/11)

8.

Stordalselva, Fjord:

276 (269/7)

9.

Hustadelva, Hustadvika:

271 (221/50)

10.

Eira m/Eikesdalsvatnet, Molde:

259 (90/169)


SJØAURE
:. Nedanfor er ei oversikt over dei 10 vassdraga i fylket med størst fangst av tal sjøaure i 2023. Tal i parentes viser tal avliva sjøaure/tal gjenutsett sjøaure.

1.

Eira m/Eikesdalsvatnet, Molde:

424 (210/214)

2.

Driva, Sunndal:

209 (0/209)

3.

Surna, Surnadal:

194 (17/177)

4.

Hustadelva, Hustadvika:

149 (75/74)

5.

Rauma, Rauma:

129 (5/124)

6.

Vatnelva, Haram:

103 (97/6)

7.

Søya, Surnadal:

91 (68/23)

8.

Isa/Glutra, Rauma:

89 (8/81)

9.

Bådalsvassdraget, Averøy:

59 (29/30)

10.

Fetvassdraget, Sykkylven:

56 (38/18)