Populært kurs om tiltak i sjøaurebekkar

Utlegging av gytegrus i Steinsvikelva. Foto Statsforvaltaren i Møre og Romsdal / Geir Moen

Det var godt oppmøte på fylkeskommunen og Statsforvaltaren sitt kurs om restaurering og habitatforbetrande tiltak i sjøaurebekkar i Ørsta og Volda 1.-2. september.

Publisert 21.09.2023

Formålet med kurset var å gje deltakarane kompetanse i å planlegge og gjennomføre eit konkret prosjekt for å betre gyte- og oppveksttilhøva for sjøauren gjennom fysiske tiltak.  

Fredag kveld var det teori med kurshaldar Marius Kambestad frå NORCE, og innlegg frå Statsforvaltaren og fylkeskommunen. Status for sjøaurebestandar i fylket, kva som kjenneteiknar ein god sjøaurebekk, aktuelle tiltak og søknadsprosedyre vart gjennomgått. Generelt er det viktig med ein god plan på førehand for å identifisere kva som er flaskehalsen for sjøaure i bekken. Det er viktig å starte med ein bekk som er påverka av inngrep, men samtidig har godt potensial for forbetring. 

Praktisk del vart gjennomført i Steinsvikelva i Dalsfjorden laurdag. Her er nedre del frå Vassbakkevatnet og ned til sjøen prega av forbygningar og utretting, slik at det nesten ikkje er gytehabitat til sjøaure ellers laks. Restaurering vil være det beste tiltaket, men i dette tilfellet vart habitatforbetring i form av utlegging av gytegrus valt som tiltak i denne omgang. Det var engasjerte deltakarar som sto på og fekk gjennomført dei planlagte tiltaka på ein flott måte.

Dette er det tredje kurset som er arrangert i samarbeid med fylkeskommunen. I 2022 var det kurs i Averøy kommune, og i 2021 i Hustadvika kommune. 

 

 

 

 

Kontaktpersonar