Naturtypekartlegging i Møre og Romsdal i 2024
Frå mai til oktober gjennomfører Miljødirektoratet ei omfattande kartlegging av naturtypar i utvalde område i Møre og Romsdal. Vi oppmodar grunneigarar i dei aktuelle områda til å ta kontakt med Statsforvaltaren dersom det er særlege omsyn vi bør ta på dykkar eigedom.
Kvifor kartlegg vi naturtypar?
Formålet med kartlegginga er å skaffe solid dokumentasjon om naturen, som blant anna kan brukast i arealplanlegging. Dette bidrar til å ta omsyn til naturen tidleg i slike prosessar og gir auka effektivitet og forutsigbarheit. Kartlegginga er òg nyttig for grunneigarar som ønskjer å søkje om tilskot til tiltak for truga natur og kulturlandskap.
Kva blir kartlagt?
Ikkje all natur blir kartlagt. Dei 111 ulike naturtypane som skal kartleggjast er fastsette i kartleggingsinstruksen for 2023, gjeven ut av Miljødirektoratet. Dei fleste av desse naturtypane er raudlista i Noreg, medan resten kartleggjast fordi dei er viktige leveområde for truga og nær truga artar.
Det skal kartleggjast område i fem kommunar i Møre og Romsdal i år, sjå tabell under her og kartutsnitt nedst i artikkelen. Du kan òg sjå alle områda som skal kartleggjast i år via Miljødirektoratet si digitale kartløysing. Resultata frå kartlegginga blir tilgjengelege for alle våren 2025 gjennom Naturbase. Her kan du òg sjå kva for naturtypar som tidlegare er funne ved kartleggingar.
Kommune |
Område som skal kartleggjast |
Averøya |
Ytre delar av Averøya frå Tøvika og Atlanterhavsvegen i vest til Tordøya i aust og til Honningsøya i nord. |
Hustadvika |
Ytre delar av kommunen frå Hustadbukta i vest til Atlanterhavsvegen i aust og ned til Nåsvatnet og Svanvika i sør. |
Ålesund |
Eit område nord for Brusdalsvatnet frå Skothaugen i vest til Digernes i aust. Eit område sør for Brusdalsvatnet frå Vasstrandvegen til Emblem. |
Sykkylven |
Eit område nord og vest for Nysætervatnet i Fjellsæterområdet. |
Fjord |
Eit område i Nørddalen frå Seljebotnen og nordover mot Dyrdalen, Innfjordelva og Jolbotselva. |
Korleis blir kartlegginga utført?
Kartlegginga blir utført av ulike firma med kompetanse på naturkartlegging. Den følgjer eit standardisert system kalla “Natur i Noreg” (NiN). Når eit område skal kartleggjast, undersøkjer konsulentar på oppdrag frå Miljødirektoratet eller Statsforvaltaren området til fots. Dei leitar etter dei 111 naturtypane som er fastsette i instruksen. Dersom dei finn ein naturtype, registrerer dei omfanget av den og tek bilete. Registreringa skjer via Miljødirektoratet si eiga app “NiNapp”. I sjeldne tilfelle kan det vere aktuelt å ta med små mengder plantemateriale for nærare undersøkingar og artsidentifikasjon.
I tillegg til å kartleggje kor naturtypane finst, vurderer kartleggjarane kvaliteten på kvart enkelt stad. Både tilstand og artsmangfald inngår i denne vurderinga. Metoden er utvikla av ei ekspertgruppe for å synleggjere kvalitetsforskjellar mellom ulike lokalitetar av same type natur. Kvalitetsinndelinga går frå svært låg til svært høg.
Særlege omsyn ved ferdsel på din eigedom
All ferdsel i samband med kartlegginga skjer i samsvar med reglane i friluftslova om ferdsel og god ferdselskultur. Dei fleste kartleggingsområda inneheld både innmark og utmark, men naturtypane som kartleggjast er hovudsakleg i utmark. I nokre tilfelle vert innmark råka, anten fordi den skal kartleggjast (til dømes hule eikar), eller fordi kartleggjaren har behov for å gå langs innmark eller krysse innmark.
Dersom det er særlege omsyn som må takast med i samband med ferdsel på din eigedom, oppmodar vi grunneigarar til å ta kontakt med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal før kartlegginga startar.
Informasjonsbrev er sendt ut til grunneigarane.
Kartlegging i verneområde
Enkelte av verneområda våre vil også bli kartlagt i år. Dette gjeld:
- Hjørungdalsvatnet naturreservat, Hareid kommune
- Midt-Smøla naturreservat, Smøla kommune
- Aureosen dyrelivsfredningsområde, Hustadvika kommune
- Delar av Måslia naturreservat, Ålesund og Vestnes kommunar
- Gjørahaugen naturreservat, Sunndal kommune
- Knutsliøya naturreservat, Sunndal kommune
- Oppdølstranda naturreservat, Sunndal kommune
- Kjerringvatnet naturreservat, Molde kommune
- Delar av Gule- Stavikmyrane naturreservat, Hustadvika kommune
- Delar av Trollheimen, Fagerlidalen, Surnadal kommune
- Delar av Eikesdalen landskapsvernområde ved Hoem og Geitreiten, Molde kommune
- Delar av Geiranger-Herdalen landskapsvernområde – Oaldsbygda, Stranda kommune
Kartusnitt over område som skal kartleggjast i 2024
Figur 1 Kartutsnitt over området som skal kartleggjast på Averøya og i Hustadvika
Figur 2 Kartutsnitt over områda som skal kartleggjast i Ålesund kommune.
Figur 3 Kartutsnitt over området i Sykkylven som skal kartleggjast
Figur 4 Kartutsnitt over område i Fjord som skal kartleggjast.