Ulv felt på lisenskvote for region 1

Ein ulv er felt i Naustdal i Sogn og Fjordane 16.12.2014. Noverande kvote for lisensfelling av ulv er etter dette på 1 ulv som kan fellast innanfor heile regionen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.12.2014

Informasjonstelefonen for lisensjegerar (tlf.nr. 51 56 89 00) er oppdatert. Det er tidlegare teke DNA-prøvar av ein ulv i området der ulven blei felt som viste seg å vere ein hannulv frå Sverige. SNO har teke prøvar av den felte ulven. 

Kvoten for lisensfelling av jerv er framleis på 10 jervar som kan fellast innanfor heile regionen, medan det er kvotefri jakt på gaupe i perioden 1. februar 2015 – 31. mars 2015.

Lenke til innslag i NRK

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.