Driveplikt er godt jordvern

Å sørge for at jordbruksareala våre vert drivne er eit viktig jordverntiltak, skriv landbruks- og matministeren i eit brev til kommunane.

Publisert 08.05.2024

I jordvernbrevet alle kommunar fekk i januar i år oppmodar landbruks- og matminister Geir Pollestad kommunane om å handheve jordlova sine reglar om driveplikt.

Jordlova sine reglar er tydelege. Det er driveplikt på alt jordbruksareal, og det er eigar som er ansvarleg for å oppfylle driveplikta. Er jordbruksareal ute av drift, kan kommunen gje eigarane pålegg om at arealet skal leigast ut til andre, som vil drive jorda.

Tal frå SSB viser at kommunane skjeldan gjev slike pålegg. I Vestland er til saman ni pålegg om bortleige rapportert i KOSTRA i løpet av 2022 og 2023.

Jordbruksareal som kan vere ute av drift i Vestland var om lag 21% i 2021 og 2022. Dette er areal det ikkje vart søkt om arealtilskot på. Det er stor variasjon mellom kommunane, der Etne og Gloppen har minst, med under 10%, og Askøy, Samnanger, Årdal, Øygarden, Austevoll, Solund, Hyllestad og Bergen ligg over 40%. Her er tala for kva enkelt kommune, i perioden 2018-2022.

Med informasjon frå Landbruksregisteret, søknadar om produksjonstilskot i 2023 og kart (kilden.nibio.no og fylkesatlas.no), kan vi også få god oversikt over eigedomar som bør følgjast opp i 2024. For nokre av desse eigedomane kan kravet om drift av areala likevel vere oppfylt. Det kan, til dømes, vere eigedomar som er i drift, men der drifta ikkje stettar vilkåra for å søkje produksjonstilskot, eller at eigar ikkje er klar over at vilkåra for å søkje er oppfylt. Nokre eigedomar/dyrka areal ligg også slik til at tilhøva ikkje ligg til rette for drift/utleige av areal. Med ein meir systematisk gjennomgang, og kontakt med eigarane, kan kommunane rettleie, og gje pålegg om utleige, der det er nødvendig.

På heimesida til Statsforvaltaren i Vestland under Landbruk – For kommunane ligg brevmalar som kan vere til hjelp: Areal og eigedommar | Statsforvaltaren i Vestland (statsforvalteren.no) . Malane kan endrast og tilpassast den enkelte kommune.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.