Rovviltnemnda Region 1

Klima- og miljødepartementet har etablert 8 regionale rovviltnemnder. Fylkesmannen i Rogaland er sekretariat for Region 1 der fylka Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Vest-Agder er representert. Rovviltnemnda er gitt arbeidsoppgåver innafor den nye forvaltningsforskrifta for rovvilt og skal gjere prioriteringar etter dei nasjonale bestandsmåla for regionen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.11.2012

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 23.03.2015

Rovviltnemnda har fått ny nettside

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane tok 1. januar 2015 over sekretariatet for Rovviltnemnda i region 1 og nemnda fekk då nye nettsider.


Publisert 17.12.2014

Ulv felt på lisenskvote for region 1

Ein ulv er felt i Naustdal i Sogn og Fjordane 16.12.2014. Noverande kvote for lisensfelling av ulv er etter dette på 1 ulv som kan fellast innanfor heile regionen.


Publisert 03.12.2014

Nytt vedtak lisensfelling av ulv og jerv i rovviltregion 1

Ny kvote for lisensfelling i 2014/2015 er på 2 ulv og 10 jerv for heile regionen. Oppdatert informasjon om kvote er lagt ut på telefonnr 51 56 89 00. Alle jegerar pliktar å halde seg orientert om kvoten som er att.


Publisert 13.11.2014

Møteinnkalling rovviltnemnda 18. november

Det blir nytt møte i rovviltnemnda region 1 der samordningsoppdraget, bestandsmål ulv, ulvesone og nye kvoter lisensfelling samt tapssituasjonen så langt står på programmet. Sjå vedlagt møteinnkalling.


Publisert 15.10.2014

Informasjonstelefon - jerv og ulv

For rovviltregion 1 er det oppretta ein telefonsvarar der det blant anna vert opplyst kor mange dyr det er igjen på fellingskvoten.


Publisert 09.10.2014

Saksdokument frå telefonmøte 17. september

På grunn av tekniske problem med gjennomføringa av møte vart alle saksdokument og vurderingar sendt som e-post til aktuelle deltakarar.


Publisert 12.09.2014

Telefonmøte i rovviltnemnda 17. september

Aktuelle tema for møte er status for førekomst av rovdyr i regionen så langt i år og vurdering av ny kvote for lisensfelling av ulv.


Publisert 12.08.2014

Kvotefri jakt på gaupe og lisensfelling av ulv og jerv i region 1

Rovviltnemnda i region 1 vedtok på møte 02.06.2014 lisensfelling av 1 ulv og 8 jerv i heile Region 1.


Publisert 20.06.2014

Møteprotokoll frå 02. juni

Vedlagt finn du protokollen frå siste møte i rovviltnemnda region 1 på Gardermoen den 2. juni i år.


Publisert 19.05.2014

Nytt møte i rovviltnemnda 2. juni

Det vert nytt møte i rovviltnemnda i region 1 på Radisson Blu Airport hotell på Gardermoen 2. juni kl 16.00.