Førebyggjande og konfliktdempande tiltak mot rovviltskadar

Fylkesmannen forvaltar ei tilskotsordning for førebyggande tiltak mot rovviltskadar og konfliktdempande tiltak. Målsetjinga med tilskotsordninga er å sikre iverksetjing av effektive, førebyggande tiltak for å avgrense dei skadane rovvilt kan gjera på produksjonsdyr i landbruket, samt konfliktdempande tiltak for å avgrense ulemper for lokalsamfunn og andre samfunnsgrupper.

Fylkesmannen handsamar søknadane om førebyggande og konfliktdempande tiltak innanfor rovviltnemndene sine budsjettdisponeringar og forvaltningsplanane for rovviltregionane. Fristen for å søkje om midlar gjennom denne støtteordninga (FKT-midlar) er 15. februar, men me oppmodar alle om å søkje før 1. februar for at rovviltnemndene skal ha eit best mogleg kunnskapsgrunnlag før budsjetthandsaming i byrjinga av februar.

Søknadane skal sendast inn elektronisk via Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.

Det er ei eiga forskrift som regulerer ordninga. Denne har to hovudområde:

Direkte tapsreduserande tiltak

Føretak med produksjonsdyr i landbruket kan søkje om midlar til tiltak som har ein direkte tapsreduserande effekt, eller der ein kan oppnå slik effekt ved kombinasjon av tiltak. For tiltak der nasjonale standardar er utarbeidde, skal ein fylgje standarden om ikkje anna er fastsett i vedtak om tilskot. Fylkesmannen kan òg gjeva tilskot til akutte tiltak i beitesesongen utan at desse er søkte om innan søknadsfristen, men slike tiltak må bli avklara med Fylkesmannen før dei blir sett i verk.

Konfliktdempande tiltak

Fylkesmannen kan gjeva tilskot til personar, kommunar og organisasjonar for tiltak som har som føremål å dempe konfliktar forårsaka av rovvilt. Slike tiltak skal bidra til auka kunnskap om, og forståing for, rovvilt og/eller rovviltforvaltning. Tiltak retta mot barn og unge skal bli prioritert.