Skutshorn

Kart over Vangsmjøse i Vang i Valdres.  Det viser dybdeforhold i Vangsmjøse. Kommunesenteret Grindaheim og Øye som ligger Nord-Vest i kommunen kan bli råka av eit fjellskred frå Skutshorn
Foto: NGI/NVE.

Skutshorn er eit ustabilt fjellparti i Vang kommune i Valdres.  I løpet av 2023 skal fjellpartiet få opp system for å bli sett under kontinuerlig overvaking av NVE.

Skutshorn er eit stort ustabilt fjellparti som ligg 600 meter over innsjøen Vangsmjøse (466 moh). Deler av fjellpartiet rører seg opp mot 3 centimenter i året og har eit estimert volum på opp mot ti millionar kubikkmeter.

Eit større fjellskred frå Skutshorn kan føre til ei flodbølgje som kan råke busetnad langs Vangsmjøse, herunder området Grindaheim, kommunesenteret i Vang. Dei største områda som kan bli oversvømt er dei flate områda ved Grindaheim og vest i Vangsmjøse ved Øye. Ved Grindaheim ligg mellom anna rådhuset og legekontoret innafor alle faresonene, medan Vang kyrkje ligg på ei lita høgde utanfor alle faresonene.

Overvaking av Skutshorn

Norges Geologiske Undersøkelse (NGU) har kartlagt fjellpartiet sidan 2018. Fjellpartiet vil få eit system for kontinuerleg overvaking av NVE i løpet av 2023.

NVE har fått utarbeidd eigne flodbølgjekart for å syne kva for områder rundt Vangsmjøse som kan bli råka dersom det skulle kome eit større fjellskred frå Skutshorn.

NGI sine faresonekart er laga etter modelleringar for kor langt opp ei flodbølgje etter skred frå Skutshorn kan nå. Det er laga faresoner for flodbølgjer for høgt og for lavt skadepotensiale.

Norges Geotekniske Institutt sin rapport gir eit godt grunnlag for å vurdere konsekvensene av eit mogleg fjellskred. det vil inngå i beredskapsplanar og bli nytta i plan- og byggesaker i kommunen.

Les meir om kartlegging og faresoner i NGI rapporten: Flodbølger etter skred frå Skutshorn ved Vangsmjøse, Vang kommune.

Beredskapsplanar og øving

NVE, politiet, Vang kommune og Statsforvaltaren er hovudaktørar i beredskapen mot fjellskred ved Tussafoten, og er ansvarlege for å utarbeide planverk og gjennomføre øvingar.

ROS-analyse og beredskapsplan er under arbeid og vert publisert her etter kvart.

Les meir om fjellskredovervaking på NVE sine nettsider.