Statlege forventningar til kommunane 2024

– Når staten vedtar lover, retningsliner og nye satsingar, er det ofte kommunane som skal levere. I det årlege forventningsbrevet til kommunane klargjer vi dei viktigaste og dei nye forventningane som regjeringa har til kommunane, seier fungerande statsforvaltar Fred-Ivar Syrstad.

Publisert 04.09.2023

Velfungerande kommunar er heilt avgjerande for gjennomføring av statleg politikk. Det gjeld mellom anna på skule- og barnehageområdet, innan helse- og omsorgstenestene, på miljø- og landbruksområdet og i forvaltninga av areala.

Dokumentet «Statlege forventningar til kommunane», gjerne kalla forventningsbrevet, skal vere med på å skape eit godt grunnlag for samarbeid og dialog gjennom året.

Statsforvaltaren har eit overordna ansvar for å: 

  • gjennomføre nasjonal politikk i fylket og vareta ei rekkje forvaltningsoppgåver på vegne av departement og direktorat
  • vareta rettstryggleiken til innbyggjarane ved å føre tilsyn med delar av kommuneverksemda og gjennom å vere klageinstans for kommunale vedtak
  • formidle og samordne statlege styringssignal til kommunane, og gi råd og rettleiing til kommunar og andre i samsvar med oppdrag frå regjeringa og fagdepartement/direktoratet

 

Lenkje til forventningsbrevet finn du under "Dokumenter" 

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.