Kan du tenke deg å bli medlem i kontrollkommisjonen for psykisk helsevern i Rogaland?

Statsforvaltaren er statens fremste representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og Regjeringa sine vedtak, mål og retningsliner blir følgde opp i Rogaland. Statsforvaltaren har som oppgåve å nemne opp medlemmar til Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern.

Publisert 01.11.2023

Statsforvaltaren i Rogaland søkjer:

Medlemmar i Kontrollkommisjonen

Vi søkjer legemeldem og varamedlem med pasient og/eller pårørandeerfaring for oppnemning til Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern.

Hovudoppgåva til kontrollkommisjonen er å sikre rettstryggleiken til pasientane i møtet med det psykiske helsevernet. Kommisjonen fører kontroll med tvangsvedtak, informerer pasientane om klagerett og fører velferdskontroll. Kommisjonen har fast møte kvar 14 og heile arbeidsdagen går med.

Du må ha interesse for psykisk helsearbeid eller psykisk helsevern og for tida ikkje arbeide i det psykiske helsevernet.

Me treng

  • legekyndig medlem i Sør-Rogaland 01.01.24.
  • Varamedlem med pasient og/eller pårørandeerfaring i Nord – Rogaland 01.01.24.

 

Kvalifikasjonar for dei ulike verva

Krav til kvalifikasjon for legekyndig medlem/vara legekyndig medlem:

  • Kontrollkommisjonen skal ha ein medlem som er lege. Medlemmen bør ha spesialitet i allmennmedisin, og det vil vere ein fordel med lang praksis som allmennlege. Det vil vidare vere ein fordel med erfaring frå kommunehelsetenesta, eksempelvis som fastlege. Ei brei samfunnsmedisinsk orientering vil også vere verdifull.

Krav til brukar-/pårørandemedlem og lekmedlem:

  • Kommisjonane skal ha to lekmedlem med eigen vara. Av dei to faste medlemmane skal ein enten sjølv ha vore under psykisk helsevern, vere eller ha vore nærståande til pasient, eller ha representert pasientinteresser i stilling eller verv. 
  • Det er ingen krav til bakgrunnen til det andre lekmedlemmen, men vedkomande kan for eksempel ha helse- eller sosialfagleg bakgrunn eller anna relevant erfaring for vervet.

Søknad

Du må levere søknad med følgjande opplysningar:

  • CV eller ei liknande oppstilling av utdanning og praktisk erfaring
  • kvifor du ønskjer å vere med i kontrollkommisjonen
  • opplysningar om du har vore medlem i kontrollkommisjonen tidlegare, kva kommisjon dette var og kva periode/periodar
  • opplysningar om andre aktuelle engasjement og tilsettingar (for habilitetsvurdering)
  • namn på to personar som vi kan kontakte for referansar
  • kva kommisjonar du søkjer verv i  

Habilitet

I psykisk helsevernlova § 6-2 tredje ledd står det at: «Ingen kan være medlem av en kontrollkommisjon som skal føre tilsyn med tiltak og institusjoner for psykisk helsevern som vedkommende har noe ansvar for i sin vanlige stilling.»

Helsedirektoratet seier vidare at medlemmen heller ikkje bør vere tilsett i det psykiske helsevernet. 

Oppnemning

Vi gjennomfører intervju, dokumentkontroll og sjekkar referansar. Oppnemningsperioden er fire år. Oppnemninga er personleg. I tilfelle den som vert oppnemnd også er medlem i brukar- eller pårørandeorganisasjon, representerer vedkomande som medlem i kommisjonen ikkje virket eller synspunkta til organisasjonen.

Helsedirektoratet legg til grunn at oppnemning til verv i kontrollkommisjon ikkje er å rekne som enkeltvedtak etter forvaltningslova.

Godtgjering for arbeid i kontrollkommisjonen

Arbeid i kontrollkommisjonen vert godtgjort per time etter reglane i psykisk helsevernforskrifta §§ 64 – 68. Satsen er rekna i prosent av salærforskrifta § 2. Reiseutgifter vert dekt etter særavtalen om dekking av utgifter til reise og kost innanlands. Nærare informasjon blir gitt ved oppnemning.

Arbeidstid varierer etter behov for dei enkelte kommisjonane. Helsedirektoratet arrangerer årlege kurs med opplæring av nye medlemmer av kontrollkommisjonane.

Meir informasjon finner du på vår og Helsedirektoratet sin nettside, se lenkjer til høyre.

 

Søknad/CV sendes postmottaket til Statsforvaltaren: sfropost@statsforvalteren.no

Søknadsfrist: 30.11.2023.

 

Nærare opplyningar kan du få av ass. avdelingsdirektør Rigmor Kvia de Waard, tlf. 51 56 87 94 eller Kristine Norland, tlf 51 56 87 59.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.