Koronasituasjonen og privatøkonomi

Sjølv om det no kjem på plass løysingar som skal hjelpe til at flest mogeleg får ei inntektssikring, vil dagens situasjon truleg føre til at mange får redusert inntekta si. Ein reduksjon av inntekta kan gjere det vanskeleg å dekkje framtidige utgifter.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.04.2020, Sist endra 02.11.2021

Det er viktig at du som får redusert inntekta di går raskt gjennom den økonomiske situasjonen din. Ved å få god oversikt over inntektene og utgiftene dine, og informasjon om kva du kan gjere for å betre situasjonen din, kan du unngå større økonomiske problem.

Tips og råd på nettet:

På nav.no kan du få nokre tips om kva du sjølv kan gjere: NAV-sosiale tenester, økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving

Økonomisk råd og rettleiing på Nav-kontora

Dersom du treng å snakke med nokon og få råd om den økonomiske situasjonen din, kan du kontakte Nav-kontoret i kommunen din. Økonomisk råd og rettleiing er ei teneste Nav-kontoret skal tilby dei som har behov for det. Formålet med rettleiinga er å hjelpe deg slik at du får kontroll over økonomien din. Du kan få hjelp med alt frå å setje opp eit budsjett og gå gjennom den daglege økonomien din, til å få gjeldsrådgjeving og forhandle med kreditorane dine om betalingsvilkår.

Kontaktinformasjon til Nav-kontor i Vestfold og Telemark finner du på NAV sine sider

Økonomisk rådgjeving per telefon

På Nav gjeldsrådgjevingstelefon; 55 55 33 39 kan du få enkel råd og økonomisk rettleiing utan å måtte seie kven du er. Du kan også chatte med Nav om økonomiske problem. Denne telefontenesta er eit tillegg til den rettleiinga Nav-kontoret skal kunne tilby deg.

Ring NAV økonomi- og gjeldsrådgiving

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar