Saman for eit betre skulemiljø

Stortingsrepresentant Himanshu Gulati, seksjonsleiar Mats Petter Sydengen og statsforvaltar Liv Signe Navarsete sit rundt eit møtebord.
Stortingsrepresentant Himanshu Gulati, seksjonsleiar Mats Petter Sydengen og statsforvaltar Liv Signe Navarsete. Foto: Maria Nesse Haugen / Statsforvaltaren i Vestland.

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø. Den 25. oktober vitja stortingsrepresentant Himanshu Gulati Statens hus i Leikanger, for å snakke om korleis vi jobbar med skulemiljøsaker, og korleis vi kan jobbe saman for at alle barn skal ha det trygt og godt på skulen.

Publisert 26.10.2023

Gulati er stortingsrepresentant og medlem av Utdannings- og forskningskomiteen. Hjå oss møtte han statsforvaltar Liv Signe Navarsete og seksjonsleiar på utdanningsavdelinga, Mats Petter Sydengen. Gulati var oppteken av å høyre korleis vi jobbar med skulemiljøsaker, og kva som er utfordringane no.  

Talet på skulemiljøsaker aukar

Sydengen fortalde at vi ser at talet på skulemiljøsaker har auka sterkt dei siste åra, at fleire elevar opplever å ikkje ha eit trygt og godt skulemiljø, og at auken er størst i grunnskulen.

Handhevingsordninga vart innført i 2017. Hensikta med ordninga var å sikre elevar og foreldre ei moglegheit til å få prøvd saka si av ei myndigheit utanfor skulen på ein enkel, rask og trygg måte.

Den store veksten i saker fører til auka sakshandsamingstid hos oss, og elevar må av og til vente for lenge før sakene blir avgjort. For å betre situasjonen, har vi flytta på ressursar internt, og oppretta vakttelefon fire timar dagleg, der folk kan få rettleiing om regelverket og om korleis dei kan gå fram med sine saker.

Kva gjer Statsforvaltaren?

Elevar og foreldre som opplever at skulen ikkje gjer nok for å sikre at elevane har eit trygt og godt skulemiljø, kan melde saka til oss. Vi vurderer om skulen har oppfylt aktivitetsplikta. Om vi kjem til at skulen ikkje har oppfylt denne plikta, får dei ein frist for å rette opp i dette.

Vi fører tilsyn med om kommunane oppfyller pliktene i opplæringslova kvart år, om lag 5-6 skular/kommunar i året. Vi skal også rettleie både elevar, foreldre, skulen og kommunen i regelverket om skulemiljø, både gjennom regelverkssamlingar og møte med enkeltkommunar.

Vi har funne brot på regelverket i alle tilsyn vi har gjennomført på temaet dei siste tre åra. Vi ser særleg at skulane manglar forvaltningskompetanse, at dei ikkje maktar å undersøke sakene tilstrekkeleg og difor heller ikkje klarer å sette inn eigna tiltak.

Det er også viktig å peike på at vi truleg ser dei mest kompliserte sakene, og reknar med at skulane handterer mange saker som ikkje kjem til oss, og der eleven og foreldra er nøgde med skulen si handtering.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.