Nettverkssamling om kvalifiseringsprogrammet

Dato:
14. september 2023 09:00 - 15:45
Stad:
Thon Partner Hotel Jølster, Skei i Sunnfjord
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Tilsette i Nav som jobbar med kvalifiseringsprogrammet
Påmeldingsfrist:
31. august 2023 12:00

Tema for samlinga blir blant anna religion i norsk arbeidsliv, erfaringsdeling frå Nav-kontor og når KVP-deltakar har barn med særlege behov. Samling med tilsvarande program blir arrangert i Bergen 7. september. 

Publisert 22.06.2023, Oppdatert 23.08.2023

Nettverkssamlingane er ein fagleg møteplass og eit diskusjonsforum for Nav-tilsette som jobbar med kvalifiseringsprogrammet. På denne samlinga blir det innlegg frå Imam Azeem, Nav Årstad og Statsforvaltaren, og vi skal ha casearbeid/erfaringsdeling i grupper.

Det er gratis å delta, men vi dekker ikkje reiseutgifter. Deltakarar som har reiseveg på tre timar eller meir, kan få dekka overnatting frå 13. til 14. september. Meld frå i påmeldingsskjema om du treng overnatting, så vil vi ordne med bestilling og betaling.

Påmeldinga er bindande. Avmelding skal skje innan 31. august. Dersom du ikkje har moglegheit til å delta sjølv om du har meldt deg på, og dermed heller ikkje har behov for overnatting, gir du beskjed til Cecilie Jantzen innan fristen. Kontaktinformasjon finn du under fana "Kontaktpersonar". 

Vi har eit avgrensa tal plassar. Dersom det blir mange påmelde frå same Nav-kontor, må vi difor kanskje be kontoret om å redusere tal påmelde. Vi tar kontakt med dei dette gjeld dersom det blir aktuelt.

Ved å melde deg på, samtykkjer du til at vi deler informasjonen du har oppgitt med hotellet. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Dato:
14. september 2023 09:00 - 15:45
Stad:
Thon Partner Hotel Jølster, Skei i Sunnfjord
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Tilsette i Nav som jobbar med kvalifiseringsprogrammet
Påmeldingsfrist:
31. august 2023 12:00