Nettverkssamling for kvalifiseringsprogrammet

Dato:
30. november 2023 09:00 - 13:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som jobbar med kvalifiseringsprogrammet
Påmeldingsfrist:
29. november 2023 12:00

Vi får vite kva Nav Hjelpemiddelsentral kan bidra med til personar som er i kvalifiseringsprogrammet, og vi skal sjå nærare på "verktøykassa" for kvalifiseringsprogrammet.

Publisert 02.10.2023, Oppdatert 10.11.2023

Deltakarar i kvalifiseringsprogrammet kan ha ulike fysiske eller kognitive utfordringar som påverkar både arbeidslivet og kvardagen. Hjelpemiddelsentralen har mykje kompetanse og eit stort utval av hjelpemiddel. Kanskje er det enkle grep som skal til for at ein deltakar i kvalifiseringsprogrammet skal oppleve større grad av meistring?

Verktøy for kvalifiseringsprogrammet ligg på Nav sitt intranett, Navet. Her finn ein informasjon, sjekklister og konkrete døme som kan gjere jobben med kvalifiseringsprogrammet enklare. Det handlar både om å identifisere kven som har rett på kvalifiseringsprogram, kva eit program skal innehalde og korleis ein gir oppfølging. Vi ser på korleis verktøya kan nyttast i praksis, og vi tar dei i bruk i case og gruppearbeid.

Programmet finn du under «Dokument».

Du melder deg på samlinga via påmeldingsskjema under. Innan 29. november klokka 17.00 sender vi innkalling til Teams-møte til dei som har meldt seg på.

Ved å melde deg på, samtykker du til av namn og e-postadresse kan bli synleg i Teams-møte og i Outlook-invitasjonen. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Dato:
30. november 2023 09:00 - 13:00
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som jobbar med kvalifiseringsprogrammet
Påmeldingsfrist:
29. november 2023 12:00