Del 1: Innanforskap og medverknad – digital samling for alle som arbeider med barn, unge og foreldre

Dato:
29. mai 2024 08:45 - 12:10
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Målgruppa for samlinga sin første del er tilsette i skule, barnehage, helsestasjon, PPT, barnevernstenesta, familietenesta, Nav, flyktningtenesta og andre tenester og tiltak retta mot barn og unge
Påmeldingsfrist:
28. mai 2024 12:00

Få god og praksisnær informasjon og inspirasjon om gode og inkluderande tenestetilbod, for barn, unge og foreldre.

Publisert 20.02.2024, Oppdatert 02.05.2024

På samlinga vil du få høyre om Kvam herad sitt arbeid med å få fram ungdomen si stemme gjennom medverknad, og korleis dette bidreg til inkludering og innanforskap.

Bønes skule skal fortelje om kva dei gjer for å skape eit godt skulemiljø. Vi skal også få høyre Sveio kommune fortelje om heilskapleg overgang frå barnehage til skule og SFO, og om Inn på tunet – velferdstenester på gard, som ledd i arbeidet med å leggje til rette for gode og tilpassa tilbod.

Professor Katrine Vellesen Løken presenterer rapporten «Et jevnere utdanningsløp».  Vi får høyre om korleis barnehagar, skular og SFO kan bidra til at alle barn og unge får like moglegheiter, uavhengig av bakgrunn.

For meir informasjon og påmelding til del 2 av samlinga kan du følgje denne lenkja: Frå foreldreheim til eigen bustad for unge med behov for tverrfaglege tenester – digital samling for alle som arbeider med barn, unge og foreldre

Påmelding 

Det er gratis å delta på samlinga. Du melder deg på via skjema nedst på denne sida, og får tilsendt lenkje til samlinga 28. mai. 

Ved å melde deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at e-postadressa di blir synleg i ein Outlook-invitasjon og i Teams-møtet. Vi gjer merksam på at det blir gjort opptak av presentasjonane. 

Les meir om personvern og nettryggleik under "Lenkjer". 

Påmeldingsskjema

Dato:
29. mai 2024 08:45 - 12:10
Stad:
Teams
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
Målgruppa for samlinga sin første del er tilsette i skule, barnehage, helsestasjon, PPT, barnevernstenesta, familietenesta, Nav, flyktningtenesta og andre tenester og tiltak retta mot barn og unge
Påmeldingsfrist:
28. mai 2024 12:00