Kva spreieareal får du behov for?

Med ny kalkulator kan du sjekke om du har nok spreieareal for husdyrgjødsel.
Med ny kalkulator kan du sjekke om du har nok spreieareal for husdyrgjødsel. Foto: Øyvind Vatshelle, SFVL.

Forslag til ny gjødselbrukforskrift er på høyring, og det er utarbeidd ein enkel kalkulator der gardbrukaren kan rekne ut kva som blir dei nye spreiearealkrava på eigen gard.

Publisert 30.04.2024

Forslaget inneber strengare krav til spreiing av fosfor, og dermed kor mykje areal ein må ha for spreiing av husdyrgjødsla. Dei fleste husdyrbruka i Vestland vil få auka krav til spreieareal for husdyrgjødsel, og mange får gjerne ikkje nok med dagens areal.

Kalkulatoren bereknar kor mykje fosfor som produserast ut frå tal dyr på føretaket, og om føretaket vil ha nok spreieareal med regelverket som er føreslege. Berekninga føreset at ein ikkje tilfører fosfor med mineralgjødsel eller frå andre kjelder. Det er atterhald om feil i kalkulatoren, og at det kan bli endringar når endeleg forskrift blir fastsett.

Føreslegne fosforgrenser

Dei nye fosforgrensene pr. dekar er føreslege innført over tid. For Vestland og dei fleste andre fylka inneber dette maksimalt 2,8 kg P/daa frå 2025, 2,5 kg P/daa frå 2029 og ned til 2,3 kg P/daa frå 2033.

Eit alternativ til å følgje desse oppgitte grensene for fosfortilførsle som kalkulatoren byggjer på, kan bli å følgje krav til fosforbalanse: at ein ikkje tilfører meir fosfor enn det som blir teke ut med avlinga. For særleg fosforkrevjande vekstar, til dømes grønsaker, er det føreslege høve til høgare fosfortilførsle.

Det er òg verd å merke seg at normtala for fosfor frå dei ulike dyreslaga har blitt justert. Til dømes blir det utskilt meir fosfor i mjølkeproduksjonen enn ein tidlegare har rekna. Dette er inkludert i kalkulatoren.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.