Vasstiltak i landbruket
Avrenning av jord, næringsstoff og plantevernmiddel reduserer vasskvaliteten i vassdraga.
Både av omsyn til vassmiljø og av ressursmessige omsyn må avrenning frå jordbruksdrift reduserast. Fysisk påverknad med utforming av kanalar, elvekantar, bruer og røyr kan påverke livet i vassdraget, og det kan vere behov for tiltak.
Gjennom vassforskriftarbeidet har kommunane ansvar for å vurdere og følgje opp aktuelle landbrukstiltak med omsyn til vasskvalitet.
Kva bør bonden vite om dagleg drift nær vassdrag?
Sjølv om ein ønskjer gode avlingar, må ein halde avstand til bekken i den daglege jordbruksdrifta.
Publisert 17.01.2023
Nydyrking nær elver og bekkar
Nydyrking er ulovleg nær elver og bekkar. Dyrking som i spesielle tilfelle gir behov for tiltak nær vassdrag, krev løyve etter vassressurslova og forskrift om fysiske tiltak i vassdrag.